Hopp til innhold

For dårleg samarbeid om fosterbarn

Hjelpeapparatet omkring fosterbarn er stort og komplisert, men det er dårleg med samarbeid og oversikt.

Mange barn mangler fosterfamilie.
Foto: Lise Marit Kalstad / NRK

Hjelpeapparatet rundt fosterfamiliar og fosterbarn må bli flinkare til å samarbeide, meiner fagkoordinator Birgit Torkildson Grotle i fosterheimstenesta i Bufetat Sunnmøre.

Mange etatar - lite samarbeid

I dag er kan mange etatar og institusjonar vere involverte når eit barn blir plassert i fosterheim. Skulen, PP-tenesta, barnevernet, sosialtenesta, familievernkontor, lege, psykolog, politi - og lista kan gjerast endå lengre. Men mange fosterforeldre opplever at samarbeidet mellom alle desse er det så som så med, og ofte er det ingen som har oversikt.

- Ofte er det fosterfamiliane sjølve som må orientere dei ulike instansane om kva som er gjort sidan sist, seier Birgit Torkildson Grotle. Ho seier fosterforeldra må få sleppe å gå frå dør til dør og fortelje den same historia om att og om att.

Heilt ulik oppfatning

Ei undersøking ho har gjort, viser at hjelpeapparatet og brukarane har heilt ulik oppfatning av korleis samarbeidet fungerer. Dei som arbeider i hjelpeapparatet synest det fungerer svært godt, brukarane synest det fungerer dårleg.