Dei tre sjukepleiarane som jobba på sjukeheimen reagerte på at mannen i 70-åra var ulik seg, snakka utydeleg, hadde skeiv munn og også nedsett kraft i armen. Men trass i at dette er dei mest kjende symptoma på hjerneslag, slo ingen av dei alarm. Det er klart brot på nasjonale retningsliner og kommunen sine eigne rutinar og kunne i verste fall kosta mannen livet.
– Det er fullstendig forkasteleg, dei burde vite at her tel minutta, seier Kjell Inge Skarbø, som er leiar i Norsk forening for slagrammede.
Leiaren for Norsk forening for slagrammede, Kjell Inge Skarbø, er ikkje imponert over behandlinga som mannen fekk på sjukeheimen.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRKFor den som får hjerneslag er det svært viktig å få rask behandling, for å avgrense talet på hjerneceller som døyr.
Dottera måtte ta affære
Men først etter nesten eitt døgn kom den eldre mannen til behandling på sjukehus. Då hadde dottera etter kvart blitt ringt opp, og forlangte at sjukeheimen kontakta lege.
Slaget skal ha skjedd i 22.30-tida ein laurdag kveld, og i løpet av natta og dagen etter har pleiarane notert i journalen at han kom ut i korridoren mange gongar, verka ulik seg, snakka utydeleg og hadde skeiv munn. Ein av dei skreiv også "Antagelig et lite drypp" (eit forbigåande anfall av nedsett blodforsyning til deler av hjernen, red.anmk), men gjorde likevel ingenting.
Kommunalsjefen i romsdalskommunen seier saka er alvorleg og har ført til at dei går gjennom rutinane ved jamne mellomrom.
Pasientar som får slag kan få problem med å prate, smile og løfte. Då bør dei rundt alarmere 113 umiddelbart.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK– Kommunen vil følge opp og bruke saka som læring for å unngå at ei slik hending kan skje igjen, seier kommunalsjefen.
Brot på helsepersonellova
Fylkeslegen har granska saka frå i fjor haust og konkluderte nyleg med at alle dei tre sjukepleiarane som var involvert i saka har brote helsepersonellova § 4. I rapporten frå fylkeslegen kjem det fram at pleiarane skal ha forklart at legen var på ferie og at det var lang ventetid på legevakta, men fylkeslegen konkluderer med at det ikkje burde hindra dei i å ta affære.
Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen konkluderer med at tre sjukepleiarar burde slått alarm.
Foto: Synnøve Hole / NRK– Det er veldig alvorleg når ein pasient er på ein institusjon med fagutdanna personell og til og med oppdagar symptom, men ikkje vidaresender pasienten til rett behandlingsnivå, seier fylkeslege Karin Müller Mikaelsen.
Store lokale forskjellar
Kvart år får 12 000 nordmenn hjerneslag. Det er den tredje hyppigaste dødsårsaka i landet, og den vanlegaste årsaka til alvorleg funksjonsnedsetting og langvarig institusjonsopphald.
Dei pårørande er kjende med at NRK omtalar saka, men ønskjer ikkje å uttale seg.
Les også: