NRK Meny
Normal

Har sett verdsrekord i å avdekke hjerneslag

Stavanger universitetssjukehus er nå raskast i verda på å behandle hjerneslagpasientar med blodfortynnande medisin, slår ekspertar fast. Inspirasjonen hentar dei frå Formel 1.

Akuttmottaket ved SUS

JOBBAR SAMSTUNDES: Kvar einaste veke terpar slagekspertane i Stavanger på å avdekke hjerneslag raskast mogleg. Nå er dei verdsleiande.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Eg har ikkje sett publiserte resultat der nokon har vore raskare, seier leiar av Norsk nevrologisk foreining, Anne Hege Aamodt.

Kvart minutt kan bety skilnad på liv og død når ein person får hjerneslag. Difor sette Stavanger universitetssjukehus (SUS) i gang eit prosjekt for å finne ut kor raske dei kan bli på å stille rett diagnose og starte behandling med blodfortynnande.

Det har gitt resultat: På få månader har forventa behandlingstid av desse pasientane gått ned frå 27 til 11 minutt.

– Eg var svineheldig

Sverre Hølland (82) smiler utan teikn til asymmetri i ansiktet. Det er idrøye tre veker sidan han kollapsa på stuegolvet i heimen sin i Sandnes med eit massivt hjerneslag.

– Eg skulle skylje av tallerkenen då handa plutseleg svikta. Like etterpå gjorde foten det same. Det var ei ekkel kjensle, seier han.

Heldigvis skjedde det på same tid som det lokale sjukehuset hans i Stavanger sette verdsrekord i akkurat den behandlinga han trengde. Etter berre ti minutt fekk han blodfortynnande medisin.

– Dei var ekstremt raske, så eg var svineheldig. I staden for å bli pleietrengande, er eg nå heilt frisk. Seinast i går gjekk eg tur og klipte plenen, seier 82-åringen.

Sverre Hølland

HEILT FRISK: Etter nokre veker på sjukehus, kunne Sverre Hølland kome heim igjen til kona etter hjerneslaget.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Øver kvar veke

Så korleis har Stavanger universitetssjukehus blitt verdsleiande på denne typen slagbehandling? Inspirasjonen hentar dei frå ein video på Youtube, ifølge dei sjølve.

Soffien Ajmi, nevrolog ved SUS

Nevrolog Soffien Ajmi ved SUS.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Videoen er frå «pitstop» på ein Formel 1-bane. I løpet av dryge to sekund greier eit team å skifte alle dekka på bilen.

– Me blei fascinert av kor raskt det gjekk. Alle jobbar parallelt for å bli ferdig så raskt som mogleg. Det same gjeld i akuttfasen ved hjerneslag. Teamet må jobbe samstundes med pasienten, i staden for å vente på tur, seier nevrolog ved slageininga på SUS, Soffien Ajmi.

Kvar einaste veke øver han og kollegaene på å bli mest mogleg samkøyrde.

– Det er enkle og banale prosessar, men det fungerer, seier Ajmi.

– Mykje pengar å spare

Anne Hege Aamodt

Leiar i Norsk nevrologisk foreining, Anne Hege Aamodt.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Norsk nevrologisk foreining er begeistra over det Stavanger universitetssjukehus har fått til. Leiar Anne Hege Aamodt håper dei andre sjukehusa følger etter.

– Det er så viktig at folk får med seg dette. Det viser at enkel trening gir store resultat, seier Aamodt.

– Hjerneslag kostar det norske samfunnet rundt åtte milliardar kroner kvart år. Her er det ekstremt mykje å spare, både i helsekroner og ikkje minst i menneskeleg liding, legg ho til.

Sverre Hølland er ikkje i tvil om at den raske behandlinga han fekk har redda livet hans.

– Eg forstår godt at Stavanger er den beste plassen i verda å kome til for pasientar som meg, seier 82-åringen.

Ved en feil ble det i TV-reportasjen om samme tema oppgitt at Kongsberg sykehus i 2015 hadde en behandlingstid på 52 minutter fra pasienten kommer inn til behandling er igangsatt. Riktig tall for 2015 er 49 minutter. Sykehuset har jobbet systematisk for å få ned tiden ytterligere. I 2016 var behandlingstiden 37 minutter og hittil i 2017 er den 30 minutter.

Øver på hjerneslag-pasienter på SUS

ØVER: Tidlegare slagpasient Ellen Marlen Hamre er med når helsepersonellet på SUS øver.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK