Så lenge treng ditt sjukehus på å avdekke hjerneslag

Kor du bur i landet avgjer kor raskt du får behandling med blodfortynnande ved hjerneslag. Sjekk ditt lokale sjukehus her.

Sjekkar om pasient har hjerneslag

SER ETTER TEIKN: Nevrolog Janne Haarseth ved Stavanger universitetssjukehus sjekkar reaksjonsevna til ein pasient for å finne ut om vedkomande har fått hjerneslag.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Det er veldig store forskjellar. Det er viktig at vi finnar årsaka til desse forskjellane, seier forskar ved Norsk hjerneslagregister, Torunn Varmdal.

Kvart år får rundt 12.000 nordmenn hjerneslag. Tida det tar frå symptoma melder seg til behandlinga startar, avgjer om du blir frisk eller pleietrengande resten av livet.

Tal NRK har henta inn frå Norsk hjerneslagregister viser at enkelte sjukehus bruker dobbelt så lang tid som dei raskaste på å behandle slagpasientar med blodfortynnande medisin.

Sjå tabell her:

Sannsynleg tidsbruk (median) frå pasienten kjem inn til han får behandling med blodfortynnande:

Sjukehus

Talet på hjerneslag-pasientar (2015)

Forventa tidsbruk i minutt (2015)

Akershus universitetssykehus

66

48

Ålesund sjukehus

32

44

Arendal

23

41

Bærum sykehus

50

34

Bodø

33

27

Diakomhjemmet sykehus

31

37

Drammen sykehus

45

44

Førde sentralsjukehus

23

38

Gjøvik

22

37

Hamar

20

45

Haraldsplass Diakonale sykehus

29

26

Haugesund sjukehus

35

30

Haukeland universitetssjukehus

93

33

Kalnes

56

26

Kongsberg sykehus

20

49

Kristiansand

38

27

Larvik sykehus

46

44

Lillehammer

34

30

Molde sjukehus

34

50

Ringerike sykehus

23

43

Skien

33

27

St. Olavs Hospital

82

39

Stavanger universitetssjukehus

109

29

Ullevål

38

36

UNN Tromsø

51

30

Krev betre organisering

Leiaren av Norsk nevrologisk foreining, Anne Hege Aamodt, etterlyser betre organisering av slagbehandling i Noreg.

– Det nyttar ikkje at ekspertar på slag kjem på jobb neste dag, dersom pasientar kjem inn om natta, seier Aamodt.

Blodprøver

KOMPLISERT: Det er mykje som må sjekkast på kort tid for å finne ut om ein pasient har fått hjerneslag.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Trenar for å bli betre

Molde sjukehus ligg øvst på lista over sannsynleg tidsbruk frå ein pasient kjem inn til vedkomande blir gitt blodfortynnande. I 2015 var mediantida på 50 minutt. Det er dobbelt så lang tid som dei raskaste. Dei meiner sjølve at resultatet ikkje er godt nok.

Martin Kurz

Overlege Martin Kurz.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Jumboplassen er ikkje hyggeleg. Spesielt ikkje sett opp mot eit oppslag om Molde sjukehus i Romsdals Budstikke i desember 2015 med tittelen: «Gir best slagbehandling». Gjennomsnittstalet 50 minutt inkluderer at vi ved Molde sjukehus også tilbyr trombolyse til pasientar som vaknar med hjerneslag. Dette er ei meir tidkrevjande behandling, og det fører til at gjennomsnittleg tidsbruk aukar. Eit tal er altså ikkje alltid eit tal, seier overlege Bernd Müller, som er fungerande avdelingssjef på klinikk for rehabilitering i Helse Møre og Romsdal HS.

Stavanger universitetssjukehus er blant dei som har sett resultat av målretta trening. I løpet av få månader har sjukehuset meir enn halvert tidsbruken. Overlege ved nevrologisk avdeling på Stavanger universitetssjukehus, Martin Kurz, er ikkje i tvil om årsaka.

– Det er heilt klart at det å trene på å oppdage hjerneslag gir resultat. Me har mangla kultur for dette, men det er i ferd med å endre seg, seier han.

Ved en feil ble det i TV-reportasjen om samme tema oppgitt at Kongsberg sykehus i 2015 hadde en behandlingstid på 52 minutter fra pasienten kommer inn til behandling er igangsatt. Riktig tall for 2015 er 49 minutter. Sykehuset har jobbet systematisk for å få ned tiden ytterligere. I 2016 var behandlingstiden 37 minutter og hittil i 2017 er den 30 minutter.

Sannsynleg tidsbruk (median) frå pasienten kjem inn til han får behandling med blodfortynnande:

Sjukehus

Talet på hjerneslag-pasientar (2015)

Forventa tidsbruk i minutt (2015)

Akershus universitetssykehus

66

48

Ålesund sjukehus

32

44

Arendal

23

41

Bærum sykehus

50

34

Bodø

33

27

Diakomhjemmet sykehus

31

37

Drammen sykehus

45

44

Førde sentralsjukehus

23

38

Gjøvik

22

37

Hamar

20

45

Haraldsplass Diakonale sykehus

29

26

Haugesund sjukehus

35

30

Haukeland universitetssjukehus

93

33

Kalnes

56

26

Kongsberg sykehus

20

49

Kristiansand

38

27

Larvik sykehus

46

44

Lillehammer

34

30

Molde sjukehus

34

50

Ringerike sykehus

23

43

Skien

33

27

St. Olavs Hospital

82

39

Stavanger universitetssjukehus

109

29

Ullevål

38

36

UNN Tromsø

51

30

Kilde: Norsk hjerneslagsregister. MERKNAD: Sjukehusa som hadde færre enn 20 pasientar i denne kategorien er ikkje tatt med i statistikken.