Hopp til innhold

Eit lite stykke Noreg i Berlin

Noreg stiller med 70 lokalmatprodusentar på Grüne Woche i Berlin og blant dei finn ein verdas beste ost .

Lokal-mat servert på Grune Worche

Folk frå heile verda kan komme å få ein smakebit av Noreg på den store matmessa i Berlin.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Rundt 70 lokalmatprodusentar frå fjord-Noreg, Sørlandet og Oslo-regionen er plukka ut til å representere Noreg på den store matmessa Grüne Woche i Berlin i år. Alle har blitt invitert fordi dei har blitt lagt merke til som særeigne i det området dei kjem frå.

Verdas beste ost

Verdsmeistertittelen osten «Kraftkar» frå Tingvollost på Nordmøre fekk i 2016 har gjort at osten nærast har fått kjendisstatus og standen har vore svært mykje besøkt under matmessa.

Gunnar Waagen frå Tingvollost

Gunnar Waagen her på den norske ambassaden i Berlin. Der var han med å diskuterte korleis løfte lokal matproduksjon i Norge.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– «Kraftkar» blir vi nok snart tom for, seier Kristi Indreeide som er matkontakt i Møre og Romsdal.

Styreleiar i Tingvollost, Gunnar Waagen, er ikkje så opptatt av sin eigen ost på standen, men heller av å vise fram mangfaldet av ostar frå heile landet.

–Den går av seg sjølv, men som styreleiar i Norsk Gardsost så er eg utruleg stolt over å vise fram så mange fantastiske ostar.

Han står og deler opp ein brunost frå Aalan gard i Lofoten.

– Eg klarer ikkje å skjere opp fort nok, dette er verkeleg kjempekjekt seier han.

Møter mellom produsentar

Det er 30. gongen Noreg er med på Grüne Woche. Rundt 400 000 menneske vil i løpet av 10 dagar vere innom messa og mange av dei tar turen innom den norske paviljongen.

Turid Smoor Søstrene Fryd og Anne Katrine Jensen Hansgarden på matmesse i Berlin

Turid Smoor og Anne Katrine Jensen profilerte all slags mat frå lokale produsentar på Grüne Worche..

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Grüne Worche blir ikkje nytta berre til å vise seg fram, men også til å knyte kontakter. Turid Smoor, som driv restaurant med servering av økologisk og glutenfri mat i Ålesund, har dei siste dagane blitt godt kjent med Anne Katrine Jensen, som driv økologisk kjøt- og mjølkebruk på Nordmøre.

– Økologisk kjøt er mangelvare. No håper eg at eg får tak i økologisk kjøt frå Hansgarden på Nordmøre, seier ho med forventning i blikket.

Vi må la turisane få prøve å mjølke ei ku

Nils-Henning Nesje vart utnemnt til bondelagskokk for 2017 og 2018 under opninga av messa.

Bondelagskokk 2017 og 2018

Nils-Henning Nesje som driv Mat med hjertet vart utpeikt til bondealgskokk for 2017 og 2018 på matmessa i Berlin.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Han arbeider med å knyte reiseliv og matopplevingar tettare saman og har blitt lagt merke til.

– Det vil eg jobbe enda meir med framover. Kanskje vi kan la turistane få komme inn på Hansgarden og ta mjølkesertifikat.

–Ingenting er vel som å drage i eit jur, seier han med ein rungande latter.

Aukande interesse for lokalmat

Det blei selt lokalmat i norske butikkar for rundt 5 milliardar kroner i 2016, målet er 10 milliardar kroner i 2025, seier mat- og landbruksminister Jon Georg Dale.

– Med den aukande interessa for lokalmat trur han det er eit svært realistisk mål.

Les også:

Gunnar Waagen som tok imot verdsmeistertittelen for sin ost vil ikkje bli større, berre endå betre.

– Satsing på kvalitet er det viktigaste. Det er altfor mykje snakk om billeg mat i Noreg. Reiser du sørover i Europa er dei svært stolte av maten sin. Det må vi også dyrke fram i vårt land, seier han.

På matmessa i Berlin stiller hundrevis av matprodusentar ut maten sin og byr på smaksprøver.

Gunnar Waagen meiner vi må bli mykje meir stolte av norsk mat.

Rundt 70 lokalmatprodusenter frå Fjord-Norge, Sørlandet og Oslo-regionen er plukka ut til å representere Noreg i år.

Du kan få smakebitar frå land i heile verda på matmessa i Berlin.

å Grüne Woche i Berlin er hundrevis av lokalmatprodusentar på plass for å syne fram sine beste varer.