Hopp til innhold

Bønder kritiske til import av kjøtt: - Det er galskap

Bønder meiner det er uetisk og miljøskadeleg å frakte frose kjøtt rundt halve kloden når vi har mengder godt norsk kjøtt på lager.

Indrefilet frå Sør-Amerika

KLIMA: Bønder i Noreg meiner det er galskap i eit klimaperspektiv å frakte frose storfekjøtt frå andre enden av jordkloden.

Foto: Telemark Bonde og Småbrukarlag

Ved årsskiftet var det 7293 tonn frose storfekjøtt på lager i Noreg.

Likevel er det eit stort utval av storfekjøtt frå Sør-Amerika og lammekjøtt frå New Zealand i norske butikkar.

Bønder i Noreg meiner dei blir taparane når Noreg importerer store mengder kjøtt frå utlandet. Dei er kritiske til den norske import-politikken.

– Galskap

Sveinung Kjellemo er storfebonde i Nome i Telemark og nyvald leiar i Telemark Bonde og Småbrukarlag.

– Det har blitt framstilt som om vi har ein overproduksjon av storfekjøtt i graslandet Noreg, men det som er reelt er at vi har ein overimport, seier han.

Sveinung Kjellemo driv med kjøtproduksjon på garden i Lunde i Telemark.

Sveinung Kjellemo har gardsbruk i Lunde i Telemark der han har storfe.

Foto: Lise Kjellemo

Kjellemo meiner det har ført til at mykje norsk kjøtt har blitt frose ned.

– I eit klimaperspektiv er det galskap, rett og slett. Eg såg det var ein som hadde rekna seg fram til at ein biff i ein norsk butikk hadde reist 13.000 kilometer for å hamne i den kjøledisken.

Mat er viktigare enn kuler og krut

– Kor viktig er det at vi produserer meir mat her i landet?

– I eit beredskapsperspektiv så er mest mogleg eigenprodusert mat det viktigaste vi kan forsvare landet med. Mat er ei internasjonal handelsvare. Men med ein gong det bli uroleg i verda, så er jo mat til folket viktigare enn kuler og krut. For utan mat så duger ingen.

Kjellemo seier at det er norske handelsavtaler som har gjort det mogleg å importere kjøttet som norske bønder kunne ha produsert sjølve.

Lammekjøt frå New Zealand i norsk butikk.

Småbrukarlaget fann lammekjøtt frå New Zealand i denne frysedisken i februar 2024.

Foto: Telemark Bonde og Småbrukarlag

Ber forbrukarane velje norsk mat

Landbruks- og matminister Geir Pollestad skriv i ein e-post til NRK at regjeringa er for auka sjølvforsyning.

Regjeringa har lagt fram ein plan for å auke sjølvforsyningsgraden.

Bilde av landbruksminister Geir Pollestad

Landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp).

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

– Det er utan tvil best for klima når forbrukarane vel norsk mat, seier Pollestad.

Han seier det er rett at import av kjøtt er eit politisk spørsmål. Noreg har opp gjennom åra gitt fleire importkvotar for kjøtt i samband med handelsavtalar.

– Det er lite realistisk at avtalepartane vil akseptere fjerning av kvotane.

Han fortel at Noreg, som ein del av handelsordninga for U-land, har opna for tollfri import av kjøtt frå land i det sørlege Afrika, som Namibia og Botswana.

– Dette er ei ordning som er gitt einsidig frå Noreg.

Pollestad skriv at over nokre år har det og vore import av særleg storfekjøtt og svinekjøtt utanfor importkvotane fordi det har vore underskot i den norske marknaden.

Import er handelspolitikk

Nortura Totalmarked følgjer marknaden for å sikre norske forbrukarar tilgang på norskprodusert kjøtt og egg.

Ole Nikolai Skulberg i Nortura

Ole Nikolai Skulberg er direktør i Nortura Totalmarked.

Foto: Milana Knezevic / NRK

Direktør Ole Nikolai Skulberg seier importkvotar er eit resultat av styresmaktene sin handelspolitikk.

– Nortura kan ikkje endre det. Det er eit politisk spørsmål, seier han.

I sine prognosar for 2024 ventar Nortura Totalmarked at produksjonen av norsk storfekjøtt vil gå ned med 6 prosent. Da legg dei til grunn at det blir importert like mykje storfekjøtt som i 2023.

Nortura Totalmarked reknar med å redusere fryselageret av storfekjøtt i 2024.