Hopp til innhold

Ein million har sett han stryke julegardina

Magne Berg i Kristiansund hadde aldri trudd årets juleførebuingar skulle bli kringkasta verda rundt. Søndag strauk han julegardina sine dansande og iført pyjamasbukser. No har nesten ein million sett videoen på Facebook.

Sjølv ikkje kona klarer å halde seg alvorleg, men fniser i bakgrunnen, i det ho filmar ektemannen stryke årets julegardin. Iført rutete pyjamasbukser og med latinamerikanske rytmar i kroppen dansar han seg gjennom arbeidsoppgåvene. Filmen har blitt ein slager og har nesten ein million visingar onsdag kveld.

Magne Berg

Magne Berg har fått stor merksemd etter at han dansa og strauk julegardiner samtidig. Onsdag ettermiddag blei han intervjua i radioen hos NRK Møre og Romsdal.

Foto: Anne-Mari Flatset

– Eg trur det handlar om at nokon vågar å ikkje ta seg sjølv så høgtideleg. Det ligg nok litt i det også at det er litt pondus og ei pyjamasbukse, ler hovudrolleinnehavaren sjølv, tre dagar etter at filmen blei lagt på Facebook.

Ber andre kopiere framferda

Berg har no sett standarden for mange andre som i desse dagar står ved strykejarna. Mange av sjåarar har vidaresendt videoen til kvinner og menn dei meiner har eit potensial ved strykebrettet no før jul, og bedt dei om å kopiere ideen. Og Berg meiner det ikkje treng å vere veldig komplisert.

Skjermdump frå Facebook

Svært mange kvinner og menn har dei siste dagane fått tips om korleis dei bør te seg framfor strykebrettet no før jul. (Skjermdump frå Facebook)

Foto: Skjermdump frå Facebook

– Vi sette på litt julemusikk og så begynte eg å svinge meg litt på golvet før eg begynte å stryke. Alt er improvisasjon, men eg likar å svinge meg rundt og danse til rytmar, ler han og fortel at kona frå Latin-Amerika kan lært han nokre trinn.

Har ikkje tid til autografskriving

Til dagleg er Magne Berg rektor ved Rensvik barne- og ungdomsskole i Kristiansund. Han har stige på popularitetsbarometeret blant elevane dei siste dagane, og blir stadig beden både om autografar og om å lære bort dansestega og rørslene.

– Autografskriving har eg ikkje tid til, og problemet med rørslene er at eg ikkje veit heilt korleis eg gjer det, dei kjem spontant når musikken kjem på, seier han.