I dag er Hitra-tunnelen den djupaste vegtunnelen i verda. Det djupaste punktet på tunnelen mellom Hitra og fastlandet er 264 meter under havet.
Boring i Eiksundtunnelen. Foto: Statens vegvesen
Rekord
Eiksundtunnelen er akkurat no i ferd med å tangere denne rekorden. Men han skal heilt ned til 287 meter under havet. Dit kjem tunnelarbeidarane til Mesta ein gong over sommaren, seier prosjektleiar Oddbjørn Pladsen.
Framdrifta i rute
Eiksundtunnelen blir 7 765 meter lang. Han er ein del av det nye Eiksundsambandet som knyter øykommunane Hareid, Ulstein, Herøy og Sande til Ørsta/Volda-området. Til no er det sprengt ut ca. 1400 m frå Eiksundsida og ca. 3900 m frå Ørstasida.
Eiksund med øyane Eika og Yksnøya. Foto: Statens vegvesen
Oddbjørn Pladsen reknar med at dei 2,4 kilometrane som står att, skal vere utsprengde til jul i år. Men enno er det lenge til folk flest får køyre gjennom tunnelen: Eiksundsambandet skal vere ferdig ut på hausten eller til jul i 2007.
Eiksundsambandet
Meir om Eiksundsambandet finn du på nettsidene til Vegvesenet: Eiksundsambandet