Rassikringa av vegen inn til Stordal har vore eit hjartebarn for Olav Bratland som har vore ein av dei fremste samferdselspolitikarane i Møre og Romsdal dei siste åra — både som ordfører med rassikring av Stordalsvegen som fanesak og som leiar av samferdselsutvalet i fylket. Namnet hans har på mange måtar vore synonymt med kampen for meir pengar til rassikring i Møre og Romsdal.
Statsminister Kjell Magne Bondevik opnar Dyrkorntunnelen i dag.
—Seig politisk kamp
Når statminister Kjell Magne Bondevik opnar Dyrkorntunnelen klokka 13 i ettermiddag, er arbeidet med å sikre den rasfarlege vegen inn til Stordal fullendt. Det har vore ein seig politisk kamp, seier Olav Bratland.
Bratland får draumen oppfylt i ettermiddag. Men kampen for meir vegpengar held fram. Det gjenstår mykje arbeid for å få gjennomslag for tanken om at det er viktig å sikre rasfarlige veger. Og verbal støtte er ikke godt nok for Olav Bratland.