Hopp til innhold

Bygda i ekstase: – Må nok vaske og rydde litt ekstra

Om under eitt år blir det bryllaupsfest med kongelege gjestar i den verdskjende bygda. Bryllaupsfeberen er allereie høg. – Dette er ei stor og historisk nyheit for oss.

Prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett skal feire bryllup i Geiranger Hotell Union

BRYLLAUP: Her skal bryllaupsfesten til Märtha Louise og Durek Verrett vere.

Foto: Remi Sagen / NRK

Onsdag kom nyheita om at feiringa av bryllaupet til prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett skal skje i spektakulær natur på Hotel Union Geiranger 31. august 2024.

For bygda betyr eit slikt bryllaup endå meir merksemd, kongelege gjestar og kanskje også store utanlandske kjendisar.

For på gjestelista kan fort namnet til skodespelar Gwyneth Paltrow og songaren LeAnn Rimes dukke opp. Dei er begge i Verretts nettverk.

Les også Prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett gifter seg neste år

Prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett går arm i arm på vei inn til feiring av prinsesse Ingrid Alexandras 18-årsdag

Tidlegare direktør for hotellet, Karl Mjelva, har vore med på kongelege storhendingar tidlegare, men han er ærleg på at det blir stas å få eit sånt bryllaup til hotellet og bygda.

– Dette er svært hyggjeleg. Kongefamilien har besøkt bygda heilt sidan Kong Haakons tid. Første gong var i samband med opninga av Trollstigen. Då budde han her på Hotell Union, seier Karl Mjelva.

Tidligere direktør på Hotel Unionen. 
forran bilen han kjører konglige som besøker geiranger med.

Karl Mjelva bruker å køyre kongelege som kjem til Geiranger i denne bilen. Han vil ikkje svare på om han vil gjere det når Durek og Märtha Louise kjem for å feire bryllaup.

Foto: Remi Sagen / NRK

Første prinsessebryllaup

– Dette er ei stor og historisk nyheit for oss. Det er første gong Geiranger skal vere vertskap for eit prinsessebryllaup. Dette er kjempestort for oss.

Det seier Katrin Blomvik Bakken, direktør i Geirangerfjorden Verdsarv.

Sjølv om det aldri har vore eit prinsessebryllaup i bygda før, trur ikkje Blomvik Bakken at det kjem til å bli eit problem.

– Geiranger er flink til å vere godt vertskap. Den rolla skal vi i Geiranger ta ganske fint. Vi må nok vaske og rydde litt ekstra. Vi er innstilte på å lage ein fin folkefest, seier ho.

geiranger

Katrin Blomvik Bakken gler seg til folkefest.

Foto: Remi Sagen / Remi Sagen

Reiselivssjef i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, Tom Anker Skrede, trur bryllaupet vil bety mykje for heile regionen.

– Dette er eit kvalitetsstempel. Det ei fjør i hatten å få dette bryllaupet. Mange kjem til å følgje med på dette bryllaupet både nasjonalt og internasjonalt. Vi trur dette kjem til å freiste mange nye gjester til å besøkje regionen, og ikkje minst Geiranger.

Og det kan sjå ut til at det er mange som ønskjer å vere i bygda på festdagen, for hotella i nærleiken byrjar allereie å fylle seg opp.

Skjermbilde fra booking.com viser at det hotellene i Geiranger er utsolgt.
Foto: Skjermdump fra booking.com

– Kan hende eg hengjer ut flagget

Det er ikkje berre næringslivet som frydar seg over at bryllaupsfesten skal ta plass i Geiranger.

Geir Gjørva som er eit kjent ansikt for dei som besøkjer Geiranger, er svært begeistra over at bygda hans no får endå meir merksemd.

– Dette stadfestar attraktiviteten og kvaliteten ved Geiranger og Hotell Union, seier Gjørva.

Reax Geiranger

Geir Gjørva er strålande fornøgd med at bygda på endå ein arena skal bli omtalt som ei turistbygd og ein destinasjon innan norsk reiseliv.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Lokalmannen, Olav Merok, innrømmer også at det blir stas.

– Det er jo litt artig at dei giftar seg her.

– Kjem du til å førebu deg på ein måte?

– Det kan hende eg hengjer ut flagget, men elles trur eg at eg tek det roleg, seier han.

– Ei ære

Monja M. Mjelva er direktør på hotellet. Ho gler seg til augustdagen neste år.

Det er ei stor ære og veldig hyggjeleg å få lov til å ta imot brudeparet som har valt Geiranger og Hotel Union som plass og gifte seg.

Monja M. Mjelva Hoteldirektør Unionen Hotel Geiranger

– Det blir litt ekstra rundt det, seier Monja M. Mjelva.

Foto: Remi Sagen / NRK