Hopp til innhold

Dronningkunst svært populær på Alnes fyr

ALNES (NRK): Kunstutstillinga til Dronning Sonja i havgapet på Sunnmøre er ein suksess. Det er fullt hus frå morgon til kveld, og salet toppar alle tidlegare utstillingar på fyret.

Dronning Sonja på Alnes

OPNING: Opninga av utstillinga til dronning Sonja var 23. juni.

Foto: Sunniva Ullavik Erstad / Kystverket

Ann-Helen Støbakk

NØGD: Ann-Helen Støbakk ved Alnes fyr.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Vi har hatt ein del utstillingar som har gått bra, men denne toppar alt, seier Ann-Helen Støbakk som er dagleg leiar ved Alnes Fyr og opplevingssenter.

Galleriet gjev ikkje ut konkrete omsetningstal, og reknskapen for utstillinga er heller ikkje ferdig sett opp. Men prisnivået gjev ein indikasjon på nivået. Store keramikk-krukker er prissett til over 130 tusen kroner. Mykje av biletkunsten ligg mellom 4 tusen kroner og opp i 18 tusen kroner.

– Det er ikkje berre salet som er rekordstort. Også besøkstala i galleriet er svært høge, seier Støbakk.

Keramikk og grafikk

Solgte trykk

SOLGT:Mange har kjøpt kunsten til dronning Sonja på Alnes.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Salsutstillinga med grafikk og keramikk opna for ein månad sidan, og skal vere open til slutten av august. Men alt no er det raude prikkar ved dei fleste kunstverka. Salet går altså veldig bra.

Alnes Fyr og opplevelsessenter

ALNES FYR: Utstillinga til dronning Sonja er i desse lokala på Godøya på Sunnmøre.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Utstillinga er så flott, og det er klart at det er eit pluss at det er dronning Sonja som er kunstnaren, men at det skulle bli så mykje, hadde eg ikkje sett for meg, seier Støbakk.

Kundane er både folk frå lokalmiljøet, men også turistar og andre tilreisande.

Ea Tafjord

Ea Tafjord

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Eg visste ikkje at dronninga dreiv med kunst. Det er kult, og det var veldig fine bilete, seier Ea Tafjord, som besøkte utstillinga tirsdag.

Det samme gjorde Brit Anker-Nilssen.

Brit Anker-Nilssen

Brit Anker-Nilssen.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Det er ei spennande utstilling med mykje flotte fargar, og spesielle teknikkar, seier ho.

Prisane på verka i utstilllinga varierer frå 4.500 til 132.000 kroner. Pengane frå salet går til stiftinga H.M. Dronning Sonjas kunstnarstipend.

Likar seg i havgapet

Det er ikkje tilfeldig at dronning Sonja stiller ut på Alnes. Ho er der ofte på besøk hos kunstnarparet Ørnulf Opdahl og Sidsel Colbjørnsen. Biletkunstnaren Opdahl har også vore dronning Sonja sin læremeister.

Under opninga av utstillinga, fortalde ho kor stor pris ho set på denne vesle bygda på Godøya.

– Det er ei ære å få stille ut her. Eg har alltid hatt eit godt forhold til Godøya. Det er eit eventyr her ute i havgapet, sa ho.

Dronning Sonja

PÅ ALNES: Dronning Sonja er ofte på Alnes, og i 2016 opna ho senteret der ho no har utstillinga - her står ho framfor eit bilete laga av Ørnulf Opdahl.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Ungt uttrykk

Dronning Sonja har også vore tilbake på Alnes etter at utstillinga opna.

– Det var heilt tydeleg at ho var glad for responsen, fortel Ørnulf Opdahl, som har følgt dronninga si kunstnariske utvikling gjennom mange år. Han er ikkje overraska over at utstillinga går bra.

– Det er jo ein kjend utfartsstad dette, i tillegg er det dronninga som stiller ut, men hovudsaka er at dette er ei utstilling med veldig god kvalitet, seier han.

Ørnulf Opdahl

IMPONERT: Ørnulf Opdahl er imponert over utviklinga til dronning Sonja.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Kunne dronninga levd av kunsten i dag om ho ikkje var dronning?

– Hehe, det blir eit veldig hypotetisk spørsmål. Eg har sett kunst ho laga i ung alder, og det er klart at ho hadde både interesse og talent, men så kom det vel etter kvart mange andre ting inn i bildet.

Utstilling Alnes fyr

POPULÆR UTSTILLING: Folk strøymer til utstillinga frå morgon til kveld, opplyser arrangøren.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Dronning Sonja fylte 82 år 4. juli. Ørnulf Opdahl slår fast at det difor er ganske spesielt at ho likevel har eit ungt kunstuttrykk.

– Det har vore heilt fantastisk å sjå måten ho har utvikla seg på, så det blir veldig spennande å følge utviklinga vidare, seier han.