Hopp til innhold

Forvaringsdom på 21 år blir ståande

Forvaringsdommen på 21 år blir ståande i Akslasaka. Det har Frostating lagmannsrett slått fast.

Aksla-rettssaken – rettstegning av aktor, forsvarer og tiltalte som lener seg over bord

Forvaringsdommen på 21 år blir ståande. Det slo Frostating lagmannsrett fast fredag.

Foto: Esther Maria Bjørneboe / Rettstegning

24-åringen som er dømd for drapet, anka til lagmannsretten, men har altså ikkje fått medhald.

I dommen heiter det mellom anna at:

«Slik forholdene ligger an i denne saken - de svært alvorlige straffbare handlinger tiltalte har begått, hans betydelige personlige utfordringer hva gjelder psykisk helse og rus, og ikke minst de sakkyndiges klare uttalelser hva gjelder faren for nye alvorlige straffbare handlinger, gjør at lagmannsretten ikke er i tvil om at hensynet til samfunnsvernet tilsier at tiltalte dømmes til forvaring».

Håper det no er sett punktum

Bistandsadvokat Einar Råen seier til NRK at foreldra har følgt saka med interesse, og venta på avgjerda med spenning. Utover det ønskjer dei ikkje å seie stort no.

- Vi håper no at det er sett eit endeleg punktum for straffesaka. Når det gjeld saknet og sorga over å ha mist ei dotter, vil nok det følgje dei livet ut, seier Råen.

Per Herman Thori-Aamot

Forsvarar Per Herman Thori-Aamot snakka kort med 24-åringen på telefon fredag. No skal dei vurdere å anke saka.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK
Meiner 24-åringen burde forklart seg

24-åringen sin forsvarar, Per Herman Thori-Aamot, seier han har hatt ein kort telefonsamtale med klienten sin fredag. Han svarar ikkje konkret på korleis den drapsdømde mannen mottok dommen. Thori-Aamot trur det hadde vore bra for klienten om han hadde forklart seg i retten.

- Eg ser jo at lagmannsretten viser til at han ikkje forklarte seg, men kor mykje det har hatt å seie, kan ikkje eg spekulere i.

- Burde han etter ditt syn forklart seg for retten?

- Det burde han heilt klart. At det ville vere positivt for han var han klar over på førehand, men han klarte ikkje det, seier forsvararen. Dei har førebels ikkje bestemt seg for om saka skal ankast til høgsterett.

Ingvild Thorn Nordheim

Aktor Ingvild Thorn Nordheim er fornøgd med dommen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK
Fornøgd med dommen

Aktor Ingvild Thorn Nordheim er godt fornøgd med dommen.

- Eg meiner dette er rett straff. Dette var min påstand i tingretten, og eg meiner tingretten avsa ein rett dom.

- Tenkte du på noko tidspunkt i ankesaka at den tiltalte kunne vinne fram?

- Vi fekk jo opplyst frå psykologen i Bergen fengsel at han no hadde endra seg ein del i forhold både til å ta avstand til rus, og meir motivert for endring, men det var nok alt for kort tid til å rokke ved dei sakkunnige sin konklusjon, seier Thorn Nordheim.

Fryktar det skal skje igjen

Ifølgje dommen er det ein nærliggande og konkret fare for gjentaking. Dei sakkunnige, som høyrde psykologen til 24-åringen forklare seg i retten tysdag, har ikkje endra sine konklusjonar eller vurderingar når det gjeld gjentakingsfaren. Lagmannsretten er samd.

«Lagmannsretten er enig med de sakkyndige i at de eventuelle positive utviklingstrekk ved tiltalte som har fremkommet den senere tid, er av alt for kortvarig karakter til at de kan tillegges betydning ved vurdering av gjentakelsesfaren».

Klarte ikkje å svare

Dommen er klar berre tre dagar etter saka, som gjekk i Ålesund tysdag. Der venta fleire spente på at 24-åringen skulle fortelje kva som skjedde under drapet, men det klarte han ikkje. Gjerningsmannen rista berre på hovudet då det blei hans tur til å forklare seg under ankesaka.

Dermed blei rettsprosessen avslutta utan at hovudpersonen har sagt eit ord om kva som skjedde på Aksla den aktuelle dagen i august i 2013. Tjueein år gamle Anja Weløy Aarseth frå Bergen var ute på joggetur i Ålesund då ho vart brutalt overfallen og drepen.

Les meir:

Samd med tingretten

I dommen tek retten først stilling til lengda på fengselsstraffa, men konkluderer, slik Sunnmøre tingrett gjorde, med at 19 år ville vere passande. Deretter går dommen over til å behandle korvidt 24-åringen skal dømmast til forvaring. Og der er altså konklusjonen den same som i tingretten i mars.

Det er 14 dagars ankefrist for begge partar.

Aksla-saken

Tysdag gjekk ankesaka i Frostating lagmannsrett, fredag kom dommen.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK