Hopp til innhold

Dobling i talet på 100-åringar

Talet på menneske over 100 år aukar her i landet. I år 2040 kjem det truleg til å vere opp mot 2000 hundreåringar i Noreg.

Liv Nygård, 104 år

Liv Nygård i Vanylven fyller 104 år onsdag 17. april. Ho har 96 etterkomarar. Mellom desse er åtte tippoldebarn.

Foto: Arne Flatin / NRK

– For meg er alder berre eit tal, og eg har i grunnen aldri tenkt på alderen min, smiler Liv Nygård (104).

«Bursdagsbarnet» er ein av over 1000 personar her i landet som er over 100 år. Og Liv er ganske så typisk 100-åring, for det viser seg at det oftast er nettopp kvinner som oppnår høg alder.

Dei siste 20 åra har talet på 100-åringar her i landet dobla seg. Og utviklinga held fram slik at det er venta nok ei dobling av talet i åra fram mot 2040.

Denne veka har Liv vorte feira av den store familien sin. Ho har 69 etterkomarar, fem barn, 20 barnebarn, 36 oldebarn og åtte tippoldebarn.

Liv Nygård med oldebarn

Liv Nygård med eitt av oldebarna på fanget.

Foto: Arne Flatin / NRK

Verken syn eller høyrsel er som det var, heller ikkje beina. Ho er ganske trygg på at det er gode genar som har gitt henne ein så høg alder.

– Far og mor vart begge over 80 år, og på den tida var det gammalt. Så har eg ei syster som vart 102 år, og ei som vart 99, ein bror som vart 96 og ein som vart 90 år. Eg har i grunnen mykje gammalt folk å liknast på, seier ho med ein liten latter.

– Må legge til rette for fleire eldre

Statssekretær Anne Bramo (Frp) i Helse- og omsorgsdepartementet seier det er ei utfordring at fleire lever lenger.

Anne Bramo

Anne Bramo (Frp) er statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet.

Foto: Kathrine Brønn / NRK

– Fleire lever lenger med sjukdomar enn tidlegare. Det vil påverke behovet for helse- og omsorgstenester, og korleis vi best legg til rette for desse i kommunane våre, seier Bramo.

Ho legg til at samfunnet må legge til rette for at eldre kan vere friske og sjølvstendige lengst mogleg.

– Det er bra for livskvaliteten, og det er bra for berekrafta i samfunnet, seier Bramo.

Utfordrande for kommunane

Ole Helge Haugen

Ole Helge Haugen er fylkesplansjef i Møre og Romsdal. I Møre og Romsdal er det 56 personar som er over 100 år.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Fylkesplansjef Ole Helge Haugen i Møre og Romsdal seier eldrebølga kan skape store utfordringar for kommunane i åra som kjem.

– I utgangspunktet er ikkje dei aller eldste noko stort problem, det er ikkje så veldig mange av dei, seier han.

Utfordringane er knytt til små kommunar som kan få mange gamle eldre, på 80, 90 og 100 år. Det kan verte ei ganske stor utfordring i forhold til pleie- og omsorgssektoren ifølgje Haugen.

Liv Nygård, 104 år

Liv Nygård (104) feirar dagen i lag med familien.

Foto: Arne Flatin / NRK

Kakefest for 104-åringen

For 104-åringen Liv Nygård i Vanylven har familien ordna med stort kakebord, og serveringa er det dei mange barna og barnebarna som står for.

«Bursdagsbarnet» sjølv smiler og koser seg, og snakkar med alle, og alle vil ha eit ord med henne.

Kakebord

Dei tre første av svært mange kaker har kome på bordet under feiringa av Liv Nygård sin 104-årsdag.

Foto: Arne Flatin / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL