Hopp til innhold

Kvar har du hjort av deg?

Om lag 50 hjortar på indre Sunnmøre skal overvakast. Kartlegginga skal gi forvaltarane betre kunnskap om levekår og vandringar.

Hjort

Forskarar veit framleis for lite om hjorten.

Foto: John Øystein Berg

I årevis har vi trudd vi har visst mykje om hjorten og korleis den lever i skogane våre.

Men erfaringar frå radioovervaking på Nordmøre og i Romsdal har gitt mange nye opplysningar og mange aha opplevingar, seier forskar Erling Meisingset ved Bioforsk på Tingvoll.

Erling Meisingset

Radiomerking gir oss mange nye opplysningar om hjorten sin levemåte, seier forskar Erling Meisingset.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Ventar på snø

No skal hjortestammen i Stranda, Sykkylven, Stordal og Norddal også undersøkjast nærare. Så snart det kjem snø, startar arbeidet med å radiomerke dyra. Hjorten er no langt til fjells for å finne mat. Men med meir snø i fjellet vil dyra trekkje ned til folk, og ved faste fôringsplassar blir dyra bedøvd og påsett halsband med radiosendarar. Om lag 50 hjortar skal i løpet av dei neste 4 åra få påsett slike sendarar som gjer at dyra kan følgjast frå dag til dag.

Aha opplevingar

Erfaringar frå tidlegare undersøkingar, viser mellom anna at hjorten vandrar over større område enn ein tidlegare har visst.

–Det betyr mellom anna at vi må tenkje nytt om forvaltinga hjortestammane, seier Meisingset.

Tidlegare har ein tenkt min og din om hjorten, no ser ein at same hjorten vandrar mellom dei forskjellige hjortevalda, og at vi i staden må snakke om vår hjort.

–Vi må rett og slett tenkje større, seier forskaren.

Klima påverkar

Endringar i naturen skjer hele tida, både når det gjeld vêr og klima. Det fører også til at vegetasjonen endrar seg, tre og busker forsvinn, andre kjem til. I tillegg har folk endra sin bruk av naturen.

–Alt dette påverkar hjorten og vi må finne ut mest mogleg korleis, seier Meisingset.

Hjort

Forskarane vil vite meir om kvar hjorten held til

Foto: NRK

Hensikta er å sikre at vi forvaltar denne naturressursen på beste måte, slik at vi får sterke levedyktige stammar som gir god avkasting både for natur og folk..

Riktig forvalting

Talert på hjort har auka kraftig dei siste åra. Men for store stammar trugar velferda til hjorten fordi det ofte blir for trongt og for lite mat i lengda.

For mange dyr skaper også problem for landbruket fordi hjorten kjem inn på beiter og innmark og blir ein plage. Eit anna problem er hjort som flyttar på seg langs vegar og blir ein trafikkfare.

Påkøyrt hjort i Tingvoll

Hjort langs vegane er farleg både for dyr og folk

Foto: Lars Kokvik, Tingvoll kommune

Ein del av prosjektet med radiomerking har derfor fokus på fellingsresultatet. Fleire stader har talet på hjort gått ned dei siste åra, nettopp fordi ein har hatt god oversikt over kor mange dyr som finst og kor mange ein bør ta ut kvart år.

Auka kunnskap har gitt viktige bidrag til dette arbeidet i dei områda der ein tidlegare har hatt forsøk med radiomerking av hjort, seier Meisingset.

Stor interesse

Interessa forprosjektet er stor, både i forskarmiljø og hos jegerar og grunneigarar som kan følgje vandringane til hjorten på skjermen heime.

I tillegg til sjølve overvakinga og kartlegginga av hjortetrekka, vil forskarane også få viktige biologiske opplysningar som dei arbeider vidare med. Data som Bioforsk på Tingvoll samlar inn blir brukt i samarbeid med andre forskarar, både i Norge og elles i verda.

–Betre forvaltning av ein viktig ressurs er målet, seier Erling Meisingset.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL