Hopp til innhold

Trassar Språkrådet for å få fleire Google-treff – sjå alle dei nye kommunenamna

Nye kommunenamn skaper sinne, forvirring og glede. Heim, Fjord og Stad er blant dei nye kommunenamna du må lære deg.

Nye Fjord kommune

NYE FJORD KOMMUNE: Noverande Stordal kommune (i grønt) skal slåast saman med noverande Norddal kommune (i raudt). Den nye kommunen på Sunnmøre skal heite Fjord kommune.

– Vi valde oss Fjord fordi det er eit norsk namn med internasjonal teft. Vi vil at turistane skal kome til oss, og Fjord vil kome øvst i søksfeltet på Google når dei skal planlegge feriane sine, seier ordførar i Norddal, Arne Sandnes (Sp).

Arne Sandnes

VIL HA TURISTAR TIL FJORD: Norddal-ordførar Arne Sandnes.

Foto: Trond Vestre / NRK

1. januar 2020 skal Norddal slå seg saman med sunnmørsnaboen Stordal til Fjord kommune, ein av 47 nye kommunar (sjå faktaboks nedst i saka).

Namna har Kongen i statsråd – altså regjeringa – bestemt.

Får språkkritikk

Fjord er eitt av dei nye namna som får mange til å undre. Både Stordal og Norddal ligg langs ein fjord. Men det gjer også mange andre norske kommunar, nye som gamle.

Blant dei som reagerer kraftigast er Språkrådet.

– Fjord er eit allmennord som har blitt gjort om til eit kommunenamn. Dette gjekk vi klart imot, seier seksjonssjef Daniel Ims.

Daniel Gusfre Ims, seksjonssjef i Språkrådet

VART IKKJE HØYRDE: Regjeringa treng ikkje om å høyre på Språkrådet og seksjonsleiar Daniel Ims dersom dei ikkje ønskjer det. Derfor har dei vedteke kommunenamna Fjord og Sunnfjord trass i motstand frå Språkrådet.

Foto: Moment Studio

Språkrådet meiner det er eit viktig prinsipp at nye kommunenamn må bygge på gamle eller eksisterande kommunenamn, eventuelt sentrale eller andre større område i den nye kommunen.

Ein har nokre unntak, som Stad (Stadt) og Færder, som tek føre seg kjende, men mindre delar av dei nye kommunane.

– Det er klart uheldig om ein berre kan finne på eit namn, seier Daniel Ims.

– Høyrer ikkje på ekspertane

Tom Schmidt

KRITISK: Reint personleg synest professor emeritus i namneforsking ved Universitetet i Oslo, Tom Schmidt, at Fjord er eit dårleg val som nytt kommunenamn for Stordal og Norddal.

Foto: UiO

Han får støtte frå professor i namneforsking, Tom Schmidt.

– Eg har ikkje sansen for eit namn som Fjord. Det er ikkje presist nok. Det finst jo så mange fjordar, seier Schmidt.

Han legg til at det tidlegare var vanleg at regjeringa høyrde på fagfolket når nye kommunar og fylke skulle få namn.

– Det gjer dessverre ikkje regjeringa no, sukkar professoren.

– For så vidt innanfor

Språkrådet har vore skeptiske til fleire av dei nye namna, og i to tilfelle vart også klare frårådingar frå rådet sett til side: Fjord og Sunnfjord.

– Eg synest faktisk det er bortimot ein hån mot halvparten av innbyggjarane som trass alt bur i Sunnfjord utan å høyre til den nye kommunen, sa tidlegare Fjaler-ordførar Arve Helle til NRK før jul i fjor.

Sunnfjord kommune

Men dåverande kommunalminister Jan Tore Sanner sa at det viktigaste for regjeringa var å høyre på dei som skal danne dei nye kommunane.

Heim er blant dei andre kommunenamna det kan vere usemje om. Denne kommunen skal bestå av Halsa (Møre og Romsdal) og Hemne (Trøndelag), i tillegg til delar av Snillfjord.

– Vi kom med ei anna tilråding enn Heim i dette tilfellet. Men det er for så vidt innanfor, seier Daniel Ims.

Grunnen er at Heim er ein tidlegare kommune i Sør-Trøndelag som eksisterte fram til 1964.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL