NRK Meny
Normal

Dette er ulovleg på søndagar

Mange trur at det held at plenklipparen står parkert i kyrkjetida søndag, men faktisk gjeld lova om helgedagsfred heile dagen.

Per Fagerslett

Per Fagerslett brukar aldri plentraktoren på heilagdagar. Han meiner at folk kan klippe plenen på kvardagar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

På ein plentraktor på Lerstad i Ålesund sit 88 år gamle Per Fagerslett. Markane er klissvåte etter mange dagars regn, men i dag er det opplett og ver til plenklipping.

Fagerslett kan ikkje forstå dei som klipper plenen sin på søndagar.

– Det er så mange andre dagar å ta av. Søndag kan vere søndag, seier Per Fagerslett. Dei som absolutt må klippe plenen på heilagdagen, bør kjøpe seg robotklippar som ikkje bråkar, meiner pensjonisten.

Og mange er av same oppfatning som 88-åring. Sommarstid ergrar folk seg over naboen som bråkar seint på kveld eller på søndagar anten med grasklipping eller ei motorsag.

LES OGSÅ:

Helgedagsfred

Elin Anja Drønnen

Elin Anja Drønnen er politiinspektør i Sunnmøre politidistrikt.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Det hender at politiet får fortvilte telefonar.

– Eg trur ikkje alle er klar over lova om helgedagssfred, der ein ikkje skal forstyrre andre med utilbørleg larm, seier politiinspektør Elin Anja Drønnen i Sunnmøre Politidistrikt.

Ho seier at det er ei vurderingssak kva som er for mykje støy.

I lokalavisa Romsdals Budstikke har debatten rulla på innringerplass den siste veka. Enkelte av lesarane opplever at naboen til og med klipper graset nattetid. Om natta i vekedagane er det andre reglar som gjeld, seier Drønnen.

– Der er bestemmingar i straffelova som går på nattero, seier Drønnen.

Prat med naboen

Else Leite

Else Leite meiner at det kan gjerast unntak på søndagar dersom det regnar alle andre dagar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Når politiet får klager, plar dei oppmode klagaren om å sjølv ta ein prat med naboen.

– Dersom du irriterer deg over naboen er det ofte ein god ide å prate med han. Det er mykje som kan løysast allereie der, seier Drønnen.

Burettslag og sameige har som regel bestemmingar om kor tid det skal vere stille i nabolaget, ofte mellom klokka 23 og 07.

Kan gjerast unntak

Else Leite i Ålesund brukar opphaldsvêret til å måle gjerdet rundt eigedomen. Ho synest at det er eit greitt utgangspunkt at plenklipping ikkje skal skje på søndagar, men meiner det må gjerast unntak.

Runar Ellefsen

Runar Ellefsen synest søndagen er ein fin dag å klippe plen på.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Har det vore ei veke eller to med regn kvar dag, og så kjem det finever, må søndagen kunne brukast, seier Leite.

Runar Ellefsen meiner søndagen er ein fin dag til plenklipping.

– Folk jobbar og har ikkje tid i kvardagen. Då er søndag ein fin dag. Eg ser ingen problem med det, seier Ellefsen.