NRK Meny
Normal

Dette er dagens tema i Aksla-saka

Kva skjedde drapsdagen? Det blir tema i Aksla-saka i retten onsdag.

Aksla rettssak-forsamling

NRK følger hele rettssaka, som går av stabelen i lagmannsrettssal 203 i Ålesund tingrett mellom 11. og 17. februar.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Onsdag blir det mellom anna lagt fram eit omfattande etterforskingsmateriale som skal setje lys på kva den tiltalte gjorde drapsdagen.

Mellom anna skal bilete frå overvåkingskamera dokumentere bevegelsane til den tiltalte drapsdagen, og vener både av den drepne og den tiltalte skal forklare seg.

Provoserte dommaren

Om alt går slik dommar Kjetil Gjøen har befalt – møter tiltalte i retten også i dag. Men Gjøen såg seg nøydd på slutten av gårsdagen å presisere overfor tiltalte at han må møte.

Tiltalte bad om å få sleppe å opphalde seg i rettssalen tysdag. Han har ei legeerklæring som seier at han neppe har helse til å vere til stades i rettssalen kvar dag, og ved fleire høve provoserte han dommaren.

Han ville blant anna ikkje ta av seg lua si, og hetta på genseren ville han helst behalde på, han nekta å forklare seg, og retten hadde dermed berre opplesing av avhøyr og vitneforklaringar å støtte seg til.

Vener skal forklare seg

Onsdag byrjar rettsdagen med at vener av tiltalte skal forklare seg. Og ranet av Pluto-kiosken kjem til å stå sentralt i byrjinga av rettsdagen.

Etter lunsj skal vener av Anja Weløy Aarseth vitne. Det blir lagt fram opplysningar om køyreruta hennar. Mot slutten av dagen skal hovudetterforskar Sindre Ryssevik legge fram sine opplysningar. Blant anna skal bilete frå overvåkingskamera dokumentere bevegelsane til den tiltalte drapsdagen.