Hopp til innhold

Kostnadssprekk for omdiskutert sjukehus: – Ei varsla krise

Milliardprosjektet «Nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal» får ein prislapp som er fleire hundre millionar høgare enn planlagt. No blir planane sende tilbake til entreprenøren med krav om priskutt. Elles rykkjer den årelange prosessen tilbake til start.

SNR Nytt sjukehus på Hjelset

KAN BLI UTSETT: Etter fleire endringar er det slik som dette det nye sjukehuset på Hjelset skulle sjå ut. No kan prosessen stoppe opp, det kan gå mot brot mellom Sjukehusbygg og Skanska.

Foto: Sykehusbygg

Opplysningane frå dei avsluttande forhandlingane mellom entreprenøren Skanska og prosjektleiinga sende onsdag sjokkbølgjer inn i styret i Helse Møre og Romsdal. Det som skulle vere ei enkel og grei statusmelding om framdrifta, blei ei klar melding om eit nærståande samanbrot.

Styret i Helse Møre og Romsdal gir adm.dir. fullmakt til å signere varsel om avbestilling der Skanska Norge vil bli gitt en siste frist til å gi et endelig tilbud, samt avbestillingsbrev.

Styrevedtak Helse Møre og Romsdal

– Dette er svært dramatiske opplysningar, utbraut styremedlem Sigurd Torvik Heian, før styret måtte ta pause for å studere tala.

Dramatisk

Størrelsen på overskridingane er unntatt offentlegheit. Men prosjektet har ei styringsramme på 4,6 milliardar kroner. Kor mange hundre millionar over dette kravet frå Skanska er er førebels ukjent.

Leiaren i prosjektstyret, Johan Arnt Vatnan er ikkje i tvil. Prosjektet må rykke tilbake til start om ikkje Skanska reduserer prislappen.

– På bakgrunn av det mottekne tilbodet vurderer eg det slik at det ikkje er tilrådeleg å inngå kontrakt for gjennomføringsfasen med Skanska, seier leiar i prosjektstyret, Johan Arnt Vatnan. Vi førebur no ei avbestilling der Skanska får ein siste frist for å gje eit endeleg tilbod, la han til.

Styremøte Helse Møre og Romsdal

Styret i Helse Møre og Romsdal avbraut møtet onsdag for å studere bakgrunnen for brotet mellom prosjektstyret og Skanska nærare.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Ei varsla krise

Helsepolitisk talsperson i Senterpartiet, Kjersti Toppe, har følgt den bitre sjukehusstriden på Nordmøre og i Romsdal gjennom fleire år. Utbygginga har vore gjennom ein bitter lokaliseringsstrid, det har vore rettssaker og første anbodsrunde blei også avbroten fordi prislappen på det første forsøket blei for stor.

Kjersti Toppe (Sp) under Stortingets spørretime

Helsepolitisk talsperson i Senterpartiet, Kjersti Toppe.

Foto: Ole Berg-Rusten

– Dette er ei varsla krise. Senterpartiet har meint at dette prosjektet var økonomisk uhaldbart frå dag ein. No står helseføretaket i ein alvorleg situasjon og dette er lite tillitvekkande. Eg forstår at innbyggjarane blir oppgitt, seier Toppe.

Ho meiner Helse Møre og Romsdal no bør vurdere andre løysingar enn å byggje eit nytt, stort felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal.

– Vi meiner det ville ha vore betre og meir økonomisk haldbart å byggje eit mindre sjukehus på Hjelset, og samstundes behalde eit avdelingssjukehus i Kristiansund, med fødeavdeling og sengeplassar, seier Toppe.

– Uverkeleg

Kjell Neergaard

Ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Den siste utviklinga i sjukehussaka vekkjer sterke reaksjonar på Nordmøre og i Romsdal. Ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard, synest at det som skjer er uverkeleg. Han viser til arbeidet med kutt i areal. I staden for at prisen går ned så går han opp.

– Det som skjer er utmattande både for tilsette og befolkninga, seier Neergaard.

Kristiansunds-ordføraren fryktar for fagmiljøa om det ikkje kjem ei avklaring snart.

– Provosert

Ordførar i Molde, Torgeir Dahl

Ordførar i Molde, Torgeir Dahl.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Ordførar i Molde, Torgeir Dahl (H) er provosert. Han meiner det er både usikkerheit og sinne i befolkninga fordi dei ikkje har fått informasjon. Han meiner det som har skjedd er uprofesjonelt.

– Det har halde på i 10 år. Vi har stått i det så lenge no og vi har blitt halde med lovnader heile vegen og så får vi slike type overraskingar, seier Dahl.

Skanska står fast ved krava

Det var så seint som i går at Skanska gav beskjed om at selskapet held fast ved prislappen dei har sett på prosjektet.

Audun Lågøyr i Byggenæringens Landsforening.

Audun Lågøyr er kommunikasjonsdirektør i Skanska.

Foto: BNL

– Dette ligg langt over forventa marknadspris for akuttsjukehuset, sa leiar i prosjektstyret Johan Arnt Vatnan. No må vi jobbe kvalitativt godt med eit alternativt spor vidare, sa han.

Kommunikasjonsdirektør i Skanska, Audun Lågøyr, seier at dei ikkje har kommentar til det som har kome fram i dag, ut over at han stiller seg undrande til måten prosjektstyret har samanlikna kostnadene på dette sjukehuset med andre sjukehusprosjekt.

Leiaren for prosjektstyret la fram ei samanlikning av kostnader ved sjukehusprosjekt både i Noreg og Sverige. Der blei det konkludert med at kalkylane til Skanska ligg over snittet for prosjekt som det er naturleg å samanlikna SNR med.

Utsett byggestart

Alt tyder no på at starten på gjennomføringa av hovudbyggearbeidet blir utsett. Det førebuande arbeidet i tomte-området startar som planlagt 14. desember.

–Vi hadde opphavleg planlagt byggestart for resten i desember eller januar. Slik blir det ikkje. Arbeidet i sjølve byggegropa blir nok uansett utsett til sommaren 2021, sa Vatnan.

Konsekvensane for framdrifta av prosjektet blir lagt fram i ei eiga sak i januar.

Styremøte Helse Møre og Romsdal

DRAMATISK OG SJOKKERANDE: I den timelange pausen i styremøtet måtte representantane gjennomgå dei nye opplysningane. Forhandlingane med Skanska er i ferd med å strande.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Bortkasta samarbeid med Skanska?

Eit av spørsmåla no er om samarbeidet med entreprenørselskapet Skanska har vore bortkasta. Leiar i prosjektstyret, Johan Arnt Vatnan avviste dette.

– Vi er i ein alvorleg situasjon. Men vi har fått utvikla eit godt sjukehus. Det er betre enn det førre prosjektet, og det kjem godt ut av samanlikningar med andre nye sjukehusbygg. Dette arbeidet har framleis ein klar verdi. Dette gjer at vi kan halde eit høgare tempo i neste runde, sa Vatnan.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL