NRK Meny
Normal

Desse vil ha pengane dine i kveld

Dei siklar etter tusenkronerssetlane, og flokkar seg rundt hundrelappane som gribbar. Teljekorps i heile landet står akkurat no klare til å ta imot pengane frå årets innsamlingsaksjon.

Desse bil ha pengane dine i kveld!

Banktilsette i Ålesund står klare til å ta imot pengane dine. Bak f.v.: Tor Andre Thomassen, Gerd Vadset, Tone Anita Hoel Andreassen, Kirsti Amundsen, Anne Lise Bringsvor. Framme: Lindis Haram Rekdal, Geir Bertil Aspehaug, Marie Rekdal Hide, Lillian Gjelsten.

Foto: Synnøve Hole

Det er mange frivillige som akkurat no står klare til å ta imot setlar og myntar frå heile landet. Banksjef Geir Bertil Aspehaug i Sparebanken Møre i Ålesund seier det er sjeldan han får sjå så mykje pengar som han ventar inn i kveld, og at det er litt artig.

Banksjef Geir Bertil Aspehaug

Banksjef Geir Bertil Aspehaug seier det er artig for ein bankmann å sjå så mykje pengar.

Foto: Synnøve Hole

– Ja, det er faktisk det! For ein bankmann er det kjekt å sjå litt kontantar av og til, det skjer ikkje så ofte lenger, seier Aspehaug og ler.

LES OGSÅ:

Veit du kva farge 500-lappen har?

Veit du kven som er avbilda på tusenkronerssetelen, og kva farge femhundrekronerssetelen har? Søndag kveld får mange av dei som deltek i teljekorpsa sjanse til å studere. I fjor kom det inn over 200 millionar kroner til Amnesty, koordinator Siv Katrin Ulla seier ho førebels ikkje veit kor mykje dei kan vente i Ålesund.

– Det er nok alt for tidleg å seie, det som akkurat kom såg bra ut, vi kjente av det var pengar i bøssene frå Ellingsøya, seier Ulla fornøgd.

Trur demenssaka utløyser gjevarglede

Tusenvis av bøsseberarar har søndag ettermiddag gått frå hus til hus for å be om pengar til demenssaka. I kveld skal pengane teljast opp, og Ulla trur saka vekkjer engasjement.

– Folk er veldig engasjert, seier Ulla. Teljekorpset i Ålesund held på til mellom klokka 21 og 22. Då får dei også med seg dei siste bøssene frå fotballsupporterar som søndag kveld følgjer kampen mellom AaFK og Strømsgodset.

Glade bøsseberarar i Ålesund

Sigrid og Nicholas Dale samla inn pengar i Ålesund søndag ettermiddag.

Foto: Gøril Jamholt