Betalte 600,- for lunsj med pappa

StineTømmerdal (11) må betale 600 kroner for å få ete lunsj med den travelt opptekne faren, ålesundsordførar Bjørn Tømmerdal.

Stine og Bjørn Tømmerdal
Foto: Synnøve Hole

Ålesundsordførar Bjørn Tømmerdal er ein oppteken mann, og nyleg måtte dottera Stine (11) ut med 600 kroner for å få ein lunsj med faren.

– Vi skal vel klare å få det til i løpet av eit par veker. Men eg håper jo ikkje det er slik at faren strekkjer så dårleg til at ein må gå på auksjon for å møte han, seier Tømmerdal og dreg på smilebandet.

Vil ha kakao med krem

For både dottera og kona var benka i kulturhuset Arbeideren laurdag ettermiddag då ordførar-pappaen var med og arrangerte auksjon til inntekt for TV-aksjonen søndag.

– Eg har lyst på kakao med krem, sa Stine Tømmerdal då det blei klart at ho trekte det lengste strået. Ein av gevinstane var nemleg lunsj med byens ordførar. Eit par av byens innbyggjarar var med å bydde heilt i starten, men gav seg, og dermed blir det lunsj med dottera Stine.

Skuffa over oppmøtet

Siv Katrin Ulla

Koordinator Siv Katrin Ulla var skuffa over oppmøtet, men fornøgd med resultatet. Om lag 50 personar møtte opp laurdag, dermed var 150 stolar tomme.

Foto: Synnøve Hole

For dei aller fleste av dei 200 stolane var tomme under auksjonen. Arrangørane lokka med trykk av kunstnarane Ørnulf Opdahl og Per Inge Bjørlo, hotellovernattingar, nye vinterdekk og sesongkort på Aafk – og altså lunsj med ålesundsordføraren – men berre vel 50 personar møtte opp laurdag ettermiddag.

– Eg er veldig skuffa over oppmøtet, men det gjekkover all forventning likevel. Eg var litt stressa i starten fordi det møtte opp så få, men vi fekk inn mykje pengar, seier koordinator Siv Katrin Ulla.

Brannmeisteren kjøpte Opdahl-biletet

Brannsjef Geir Thorsen og auksjonarius Synnøve Hatlen

Brannsjef Geir Thorsen sikra seg Ørnulf Opdahl-biletet for 9500,- og var overraska over prisen.

Foto: Synnøve Hole

Byens brannmeisteren måtte telje tusenlappane sine då han fekk tilslaget på kanskje den gjevaste gevinsten, biletet gitt av Ørnulf Opdahl. Det gjekk under hammaren for 9500,-

- Eg fekk det eg ville, det var dette vi kom for. Det var ein grei pris, og no støttar vi i tillegg ei god sak, seier Geir Thorsen.

Signe for "Sementforeninga"

Auksjonarius var sjølvaste Signe Stunden, ei brautande, drikkfeldig dame av byens litt meir fargerike klientell. Ho stilte villig opp for Nasjonalforeningen for folkehelsen og demenssaka, i høve TV-aksjonen søndag.

– Eg seier berre "Sementforeninga", for eg klarer ikkje å huske kva det heiter, men de veit kvar pengane går, ikkje sant? spurte ho forsamlinga.

Auksjonerte bort lettkledd dame

Signe Stunden stilte sjølv med ei raus gåve under auksjon. Ho ville nemleg gjerne gje eit svært lettkledd bilete av seg sjølv, og hevda det var måla av Ørnulf Opdahl. Steinar Nilsen sikra seg godbiten, samstundes som kona, Astrid Thea Ulvestad, kjøpte eit trykk av kunstnaren Per Inge Bjørlo til 6000,-

– Eg meiner eg har gjort det beste kjøpet. Ho måtte betale 20 gongar meir for sitt bilete, og mitt er jo til og med i fargar, lo Nilsen. Og vedgjekk at nakenbiletet skal stå på kontoret.

Gåvmilde gjevarar

Pengane som blir samla inn under årets tv-aksjon går til Nasjonalforeningen for folkehelsen og demenssaka. Koordinator i Ålesund, Siv Katrin Ulla, seier ideen om ein auksjon kom opp fordi dei ønskte å gjere noko anna enn andre.

– Responsen har vore veldig, veldig bra frå dei som har gitt oss gevinstar, ingen har sagt nei, seier Ulla. Totalt kom det inn 38 600,-

Revyartisten Signe Stunden auksjonerte vekk eit bilete av seg sjølv

Revyartisten Signe Stunden auksjonerte vekk eit bilete som ho hevda var av henne sjølv, måla av Ørnulf Opdahl.

Foto: Synnøve Hole