Hopp til innhold

Desse VGS-linjene kan bli stoppa

Ikkje alle linjer på vidaregåande skule er like populære som før. Då må nokre av dei skjerast vekk, meiner fylkesrådmannen.

Skolebøker

Allmenne fag har fleire søkjarar enn dei yrkesfaglege VGS-linjene. No står fleire av dei fare for å bli lagt ned.

Foto: Nyhetsspiller / Scanpix

Prøveinntaka i mars viser at det er enkelte linjer som ikkje har like mange søkjarar som før. Somme av dei har knapt ein einaste søkjar.

Måndag skal Utdanningsutvalet i Møre og Romsdal avgjere kva for linjer på vidaregåande skule som får starte opp til hausten, og kva for tilbod som kan bli stoppa.

Til saman ni linjer fordelt på sju skular kan bli mellombels lagt ned, dersom innstillingane til fylkesrådsmann Ottar Brage Guttelvik vert følgde.

Desse VGS-linjene er på kuttlista:

Haram VGS

VG3 påbygging til generell studiekompetanse

Kristiansund VGS

VG2 design og trearbeidfag

Kristiansund VGS

VG2 interiør og utstillingsdesign

Kristiansund VGS

VG2 reiseliv

Romsdal VGS

VG2 køyretøy

Stranda VGS

VG2 barne- og ungdomsarbeidarfag

Tingvoll VGS

VG1 helse- og oppvekstfag

Herøy VGS avd.  Vanylven

VG2 industriteknologi

Bygg- og anleggsteknikk

Ut frå prøveinntaka er nedgangen i talet på søkjarar til bygg- og anleggsteknikk svært stor. Per 25. mars har utdanningsprogrammet 14,2 prosent færre søkjarar enn for skuleåret 2013/2014.

Til dømes har VG1 bygg og anleggsteknikk på Fræna Vgs berre tre primærsøkjarar. Sjølv om Romsdal Vgs kunne ha teke dei totalt seks elevane som har søkt seg til linja, fryktar at nedlegging av tilbodet vil kunne få konsekvensar for skulen.

Design og handverk

Design og handverk har dei siste åra hatt stor nedgang i talet på søkjarar. Det får utslag ved at få søkjer seg til VG2-linjene.

VG2-linja for interiør og utstillingsdesign ved Sykkylven VGS hadde berre to søkjarar tidleg i mars, og var derfor på nippet til å bli lagt ned. Men fordi fire elevar frå ei anna linje ønskjer å gå over frå VG1 design og handverk etter gode resultat på ei fylkesmesse nyleg, går linja truleg som normalt til hausten.

To design- og handverk-linjer på Kristiansund VGS og Romsdal VGS har ikkje vore like heldige. Dei tre linjene har til saman berre seks primærsøkjarar. Den klare tilrådinga frå fylkesrådsmannen å la vere å setje i gong tilbodet til hausten.

Musikk/dans/drama

28,6 færre elevar har søkt seg til førsteåret på musikk, dans og drama-linjene i fylket samanlikna med i same periode i fjor.

Prøveopptaket viser at Atlanten VGS i Kristiansund berre har 10 primærsøkjarar. Erfaringane viser at nokre av desse vil be om overgang til andre linjer andreåret, og dette gjer fylkesrådsmannen skeptisk.

Atlanten VGS forsikrar på si side at dei vil gjere sitt for å auke søkjartalet og trekk fram nye samarbeid – blant anna med Operaen i Kristiansund. Fylkesrådsmannen meiner det er viktig å opprett eit slikt VGS-tilbod på Nordmøre og vel å sjå potensialet i musikk/dans/drama-linja på sikt.

Musikklinja ved Atlanten vgs

Musikk/dans/drama-linja på Atlanten VGS i Kristiansund slit med låge søkjartal. Framtida for linja er usikker, men står førebels ikkje på kuttlista. Her opptrer musikklinja på ei markering i desember 2013.

Foto: Roar Halten / NRK