Hopp til innhold

Får ikkje tak i faglærarar til yrkesfag

Vidaregåande skular i Møre og Romsdal har store problem med å skaffe nok kvalifiserte lærarar til yrkesfag.

Elevar som ønskjer yrkesfagleg utdanning, kan stå utan eit tilbod i framtida. Fleire skular har store problem med å skaffe nok kvalifiserte lærarar, og heile klasser kan no bli lagde ned.

Romsdal videregående skole

Romsdal vidaregånde skule i Molde manglar framleis fem faglærar til hausten.

Foto: Besnik Zogaj / NRK

Elevar som ønskjer yrkesfagleg utdanning, kan stå utan eit tilbod i framtida. Fleire skular har store problem med å skaffe nok kvalifiserte lærarar, og heile klasser kan no bli lagde ned.

På yrkeslinja på Romsdal vidaregåande skule i Molde finst det solid fagkunnskap og lang erfaring blant fagleiarane. Men det er ikkje gitt at det vil vare.

– Ein slitsam jobb

Tore Fosseide

Avdelingsleiar Tore Fosseide fryktar at skuleklassar kan bli lagt ned om skulen ikkje lukkast i å få tak i kompetente faglærarar.

Foto: Besnik Zogaj / NRK

Nils Krohn på avdeling for teknikk og industriell produksjon er ein som skulen gjerne vil behalde i fleire år framover. Men han har tankar om å slutte når han blir 62.

– Det er ein slitsam jobb. Det er mykje å handtere med 12 elevar på ein skuleverkstad. Det er mykje å følgje opp, seier han.

– Er det ingenting ein kan gjere for å halde deg i jobb lenger?

– Betre arbeidsvilkår som færre timar i veka med undervisning for eksempel, slik at ein kan følgje opp elevane på ein god måte, seier han.

Konkurrerer med industrien

Fleire avdelingar og tusen elevar treng lærarar med relevant utdanning. Romsdal vidaregåande har fem stillingar å fylle før neste skuleår. Erfaringar frå dei siste par åra tilseier at det blir vanskeleg.

– Det er slik at vi konkurrerer med ein industri som går forrykande rundt oss, og vi får konkurrere med Nordsjøen, seier avdelingsleiar Tor Fosseide.

– Risikerer då elevane at dei ikkje får dei tilboda som er på skulen i dag?

– Ja. Dei risikerer at klasser vert lagt ned fordi vi ikkje får tak i lærarar med kompetanse.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL