Meininga var å starte fiske i Sørishavet, noko som ville krevje fleire nye båtar, skriv Sunnmørsposten.
Men ifølgje avisa vil ikkje departementet vere med å bygge opp ein ny fiskeflåte, samstundes som kapasiteten i Noreg vert bygd ned.
Administrerande direktør ved Kleven Verft Ståle Rasmussen er skuffa over avgjerda i departementet.
I dag kjempar fiskarane om ei stor kvote i området i Sørishavet der grupperinga Fish Group of Norway har lyst til å etablere seg. Noreg er eit av sju land som har rettar i dette området.
Viss selskapet hadde fått ervervsløyve med norske fiskeristyresmakter, eller retten til å drive kommersielt fiske, ville det kunne ført til nybyggingskontrakter på fleire nye fiskefarty. Ifølgje Sunnmørsposten ville dette gitt ordrar for fleire hundre millionar kroner for Kleven Verft i Ulsteinvik. Eit verft som no har tomme ordrebøker og permiterte arbeidarar.
Men det er ikkje opp til fiskeristyresmaktene å fylle ordrebøkene til norske verft. Både i Noreg og internasjonalt er det stor overkapasitet av fiskefarty i forhold til ressursane som er i havet og fleire stader er ressursgrunnlaget trua.
Ifølgje eit brev, signert ekspedisjonssjef Rolf Einar Fife i Utanriksdepartementet, foregår det også eit omfattande rovfiske i det aktuelle området.
Norske fiskeristyresmakter ønskar difor ikkje at norske fiskefarty skal legge ytterlegare press på fiskeressursane verken i Noreg eller internasjonalt og har difor avlsått å gi Fish Group of Norway retten til å drive fiske under norsk flagg.