Hopp til innhold

Denne kommunen er blåast av dei blå

I 10 av kommunane i Møre og Romsdal fekk Høgre og Frp over halvparten av røystene ved stortingsvalet. Blåast av dei blå blei kommunen til Høgre sin førstekandidat Helge Orten.

Midsund

Midsund kommune blei blåast av dei blå i til tider blåblå Møre og Romsdal.

Foto: Målfrid Klauset

Helge Orten (H)

Helge Orten var Høgre sin førstekandidat ved årets val, og skal på Stortinget for første gong.

– Ein historisk valsiger for dei borgarlege partia, sa Erna Solberg etter valresultatet 9. september.

I Møre og Romsdal var ikkje jubelen spesielt mykje mindre, sjølv om Høgre gjerne skulle hatt med seg tredjekandidat Arnulf Goksøyr – saman med Helge Orten og Elisabeth Nørve.

– Arnulf hadde fortent det. Meiningsmålingane i det siste har vist at vi var i nærleiken av å sjå den moglegheita, så vi er litt misfornøgde oppe i det heile, sa førstekandidat Orten valnatta.

Likevel: Dei borgarlege partia har seks av ni mandat i Møre og Romsdal. To til Høgre, to til Frp og eitt kvar til Venstre og KrF.

Trond Vestre

Politisk journalist og kommentator i NRK Møre og Romsdal, greier ut om Høgre og Frp si sterke rolle i Møre og Romsdal.

Foto: Erik Hattrem

Midsund blåast av dei blå

Møre og Romsdal var i store trekk eit borgarleg fylke, men i heile 10 kommunar fekk Høgre og Framstegspartiet over halvparten av røystene.

Blåast av dei blå blei Helge Orten sin heimkommune, Midsund. Orten var ordførar i kommunen i Romsdal frå 2003 til 2011, før han tok over som leiar i Møre og Romsdal Høgre i 2010. Han blei valt inn på Stortinget for første gong ved årets val.

I Midsund hadde Høgre og Frp til saman 58,2 prosent av røystene.

– Dersom det var nokon Helge Orten-effekt i dette valet, så kom den i Midsund. Det er den største Høgre-kommunen i Møre og Romsdal i 2013, og partiet meir enn dobla oppslutninga frå førre val, seier politisk kommentator i NRK Møre og Romsdal, Trond Vestre.

– Det store gjennomslaget

Midsund hadde størst blåblått fleirtal, tett følgt av Herøy her i fylket.

– I 10 av kommunane fekk Høgre og Frp meir enn halvparten av stemmene, åtte av desse ligg på Sunnmøre, fortel Vestre.

– I Molde mangla det berre nokre få desimalar på eit blåblått fleirtal. Det har aldri skjedd i noko stortingsval før.

Etter høgrebølgja på 80-talet har ikkje Høgre hatt særleg mykje å slå i bordet med i stortingsvala her i fylket, greier Vestre ut.

– Eit par av vala har vore den reinaste katastrofen. I år kom det store gjennomslaget, størst i 19 av kommunane. For fire år sidan var dei ikkje størst i nokon kommunar.

Arbeidarpartiet var størst i 13 kommunar i Møre og Romsdal.

Else May Botten

Else-May Botten skal på Stortinget i fire nye år, men får berre med seg éin annan Arbeidarparti-politikar mot to i førre runde.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ap og Frp blør til Høgre

I stortingsperioden som har gått hadde Framstegspartiet tre mandat frå Møre og Romsdal. Det same hadde Arbeidarpartiet. Høgre var berre inne med Elisabeth Nørve.

– I Molde er det Arbeidarpartiet som har fått blø, men i svært mange av kommunane her i fylket er det Frp som har lidd nederlag. Mange av dei bastionane som Frp bygde opp mellom 2003 og 2009 har no hamna i hendene på Høgre, fortel Vestre.

No går det mot ei regjering der Høgre og Frp skal styre landet saman med Venstre og KrF. Dermed går det mot seks Møre og Romsdal-politikarar i regjering.

For Høgre og Framstegspartiet blir eit regjeringssamarbeid svært spennande, ifølgje NRK Møre og Romsdal sin politiske kommentator.

– Eitt av spørsmåla er kven som vil vinne og kven som vil tape på det, avsluttar Vestre.