NRK Meny
Normal

Dansegleda gjekk i arv

Denne helga står mor og dotter på scena i lag under vårshowet til Ørsta og Volda Ballettskule.

Stine Marie Gulla og Matilde Gulla Rebbestad

Ballerina og mor Stine Marie Gulla er veldig stolt av dottera Mathilde som dansar i same show.

Foto: Stine Marie Gulla

Stine Marie Gulla og Matilde Gulla Rebbestad

Dansegleda har gått i arv hjå familien Gulla. Gulla håpar at dottera vil halde fram med å dele lidenskapen hennar for dans.

Foto: Stine Marie Gulla

– Eg blir veldig stolt når eg ser ho på scena. Ho dansar på scena rett før meg, så då kan eg gløyme nervane eit lite augeblikk og berre sjå på henne, seier mor Stine Marie Gulla om dottera Matilde Gulla Rebbestad.

For sjølv om ho har stått på scena ved Ørsta kulturhus før, kriblar det framleis like mykje i magen den dag i dag. Og det er tydeleg at dansegleda har gått i arv hjå familien Gulla.

Bak scena blant 230 andre elevar, omgitt av kulissar, hektiske kostymeskift, sminking, og tutu-skjørt, finn ein ei mor og ei dotter. 28 år gamle Stine Marie og 6 år gamle Matilde.

– Eg måtte berre

Dei to stod på scena for fyrste gong under juleførestillinga til ballettskulen i desember.

– Matilde byrja ved ballettskulen for to år sidan, og så byrja eg på nytt igjen for eitt år sidan, så dette blir andre gong vi står på scena i lag, seier Gulla.

Gulla har sjølv vore dansar ved ballettskulen frå ung alder, men slutta i byrjinga av tjueåra. Det var under Matilde si fyrste framsyning at ho innsåg at ho ikkje kunne halde seg unna lenger.

– Eg trudde eigentleg eg var ferdig med dans, men då eg såg ho på scena kjende eg at eg ikkje ville greie å berre sitte å sjå på, eg måtte danse berre eg også, seier ei lattermild Gulla.

Ho tok difor kontakt med ballettskulen for å undersøke om ho kunne starte opp igjen. Og sjølvsagt kunne ho det.

På denne måten har eg og ho noko eiget, som berre er for oss to. Eg tykkjer det er veldig spesielt at ho likar det like godt som meg.

Stine Marie Gulla

Nedarva lidenskap

Og det var mora sin lidenskap for dans, som gjorde at også Matilde ville byrje å danse.

– Eg fekk sjå opptak frå då mamma brukte å danse, og synast det såg veldig gøy ut, seier Matilde.

Sjølv likar ho best å danse på scena i kostyme framfor ein fullsett sal.

– Det kriblar litt i magen, men det er samtidig veldig gøy. Og så blir det litt mindre skummelt når mamma er der, seier Matilde.

Så no dansar både mor og dotter hjå Ballettskulen i Ørsta og Volda. Gulla, som er trebarnsmor, tykkjer det er kjekt å kunne dele interessa med dottera.

– På denne måten har eg og ho noko eiget, som berre er for oss to. Eg tykkjer det er veldig spesielt at ho likar det like godt som meg, seier Gulla.

vårshowet til Ørsta og Volda Ballettskule
Foto: Stine Marie Gulla

Alder ingen hindring

Gulla håpar at dottera vil halde fram med å dele lidenskapen hennar for dans. Sjølv glei ho lett inn igjen i rolla som ballettdansar, og trenar no ballett fleire gongar i veka, noko ho trivst svært godt med.

– Du kan få litt eigentid og gløyme kvardagen ei lita stund. Når eg dansar kan eg konsentrere meg berre om stega og dansen. Det er fantastisk å kunne gjere det eg elskar, seier Gulla.

Og sjølv om ho er eldre enn nokre av dei andre medelevane ved ballettskulen, merkar ho lite til aldersforskjellen.

– Eg har sjølv vore lærar til nokre av dei yngste elevane på gruppa mi, men den felles interessa vår for dans gjer at alder ikkje betyr noko, seier Gulla.

Elevar i alle aldrar

Ørsta og Volda ballettskule

STYRELEIAR: Synnøve Rekkedal Hill tykkjer det er kjekt at tidlegare elevar returnerer til ballettskulen.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Styreleiar Synnøve Rekkedal Hill har vore involvert i ballettskulen dei siste 14 åra, 12 av dei som styreleiar. Ho tykkjer det er kjekt at skulen har eit tilbod som trekker til seg elevar i alle aldrar.

–Vi har nokre elevar som studerer ved høgskulen i Volda. I tillegg er det fleire tidlegare dansarar som har startar å danse igjen når dei flyttar tilbake til området. Det er gøy, seier Hill.

Spesielt morosamt tykkjer ho det er når to generasjonar opptrer samtidig.

– Eg har vore ved ballettskulen i mange år, og følgt fleire av dansarane opp igjennom åra. Det er veldig kjekt å sjå at tidlegare dansarar kjem tilbake til ballettskulen, seier Hill.