Hopp til innhold

Danseglede på Ørsta kulturhus

Alt frå fengjande og lyrisk jazz til tøff og rytmisk hip hop var til stades då Ørsta og Volda Ballettskule hadde sitt vårshow denne helga. Skulen har utvikla seg til å bli ein av dei største ballettskulane i fylket.

Ørsta og Volda Ballettskule

DANSEGLEDE: Dansegleda var stor under Ørsta og Volda ballettskule sitt vårshow denne helga.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Temaet for årets vårshow er danseglede. Det som er så bra med dans er at alle får vere med, ingen må sitte på sidelinja, seier koreograf Felicia Goll–Rasmussen.

Ho var ansvarleg for dei om lag tjue innslaga som kom på scena under Ørsta og Volda Ballettskule sitt vårshow denne helga.

Ørsta og Volda ballettskule

KOREOGRAF: Felicia Goll–Rasmussen hadde koreografert danseinnslaga under årets vårshow.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Bak scena var det hektiske kostymeskift, øving i kvar ein krik og krok, og spente elevar som venta på å gå på scena framfor ein fullsett sal på Ørsta kulturhus.

På scena sørga Jiri Nagy for at lyssetting og scenografien var på plass. Og i det ein etter ein av dei totalt 270 elevane, frå hip hop og jazzseksjonen ved ballettskulen, entra scena kunne ein tydeleg sjå danseglede som stråla ut av elevane.

Sjå bildegalleri av showet nedst i saka.

Stadig i utvikling

Den 28 år gamle ballettskulen starta som ei underavdeling av ballettskulen i Ålesund, med omtrent 30 elevar og éin ballettpedagog i deltidsstilling. No har skulen utvikla seg til å bli ein av dei største ballettskulane i fylket. Frå hausten av vil det vere om lag 500 elevar ved ballettskulen.

Ørsta og Volda ballettskule

STYRELEIAR: Synnøve Rekkedal Hill er ei av eldsjelene bak ballettskulen.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– I år har vi delt vårshowet i to delar. Ballettskulen har rett og slett blitt så stor at vi ikkje kan ha alle dansarane i det same showet, seier styreleiar i ballettskulen Synnøve Rekkedal Hill.

– Difor blir det jazz og hip hop denne helga, og så klassisk og moderne ballett om to helger, held ho fram.

Ballettskulen har opp igjennom åra hatt ulike dansepedagogar frå ulike land. Dei har alle bidratt til å utvikle ballettskulen.

– Kva enkelt pedagog har hatt sin eigen stil og måte å tenke på, det bidreg til at elevane og skulen utviklar seg, seier Hill.

Hip hop

Ballettskulen undervisar i dag 430 elevar i klassisk ballett, moderne, musikkteater, jazzballett og hip hop. Hip hop er eitt av dei nyare tilskotta ved skulen, og har bidratt til å lokke fleire gutar til ballettskulen. Til hausten vil det vere omtrent 60 gutar ved skulen.

Hip hop dansarane Eirik Linge, Mathias Myklebust, Rasmus Opsvik, Olav Bøstrand og Andreas Amdam har alle dansa ved ballettskulen i tre år. Dei tykkjer det er både morosamt og lærerikt å danse hip hop.

Ørsta og Volda ballettskule

HIPHOP: Eirik Linge, Mathias Myklebust, Rasmus Opsvik, Olav Bøstrand og Andreas Amdam tykkjer hip hop er gøy.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Eg tykkjer det er veldig gøy. Og så får eg vere saman med kompisane mine også, seier Linge.

– Ja! Det er spesielt gøy å break-dance, seier Opsvik.

På spørsmål om dei ønskja fleire gutar ved skulen, var responsen blanda.

– Nei, vi gutane som er her no får litt ekstra applaus. Det er utruleg gøy, seier ein spøkefull Bøstrand idet heile gjengen byrjar å le.

Avhengig av frivillig arbeid

Ballettskulen er i stor grad drive av frivillig arbeid. Hill har sjølv vore ein av dei viktigaste pådrivarane bak ballettskulen dei siste 14 åra, 12 av dei som styreleiar i ballettskulen.

– Eg gjer det fordi eg tykkjer det er viktig at bygde-Noreg har eit variert tilbod til barn og unge innan kultur, seier Hill.

Men det er ikkje berre styret ved ballettskulen som jobbar frivillig. Kvart år hjelper eitt fleirtal foreldre til med dugnad, sying av kostyme og innsamlingar. Spesielt i tida rundt danseshowa er det mange foreldre i sving.

Hill trur det frivillige arbeidet skapar eit samhald ved ballettskulen, ved at alle tek i eit tak for å gjere skulen best som mogleg.

– Elevane får respekt for skulen, fordi dei føler at det er deira skule, ikkje kommunen eller staten, seier Hill.

– Det er aldri nokon som øydelegg eller mister kostyme. Eg trur det er fordi skulen betyr noko for dei, held ho fram.

Viktig ballettskule

Bak scena, i ei av garderobane finn vi elevane Johanne Kalland og Ada Elise Halse Snarud.

Ørsta og Volda ballettskule

VIKTIG: Elevane Johanne Kalland og Ada Elise Halse Snarud har begge dansa ved ballettskulen i over ti år.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Dei er blant dei eldste elevane ved skulen, og har dansa sidan dei var sju og fem år. Jentene dansar fleire stilartar, og tilbringar mange timar ved ballettskulen kvar veke.

– Eg er glad for at vi har eit tilbod i nærleiken, slik at vi slepp å reise til Ålesund for å trene. Vi har alltid hatt veldig gode lærarar, og det har aldri vore noko tull, seier Kalland.

– Ja, det blir forventa at du gir hundre prosent, så vi elevane tek det veldig seriøst. Og så får vi halde på med det som interesserer oss, seier Snarud.

– I tillegg er det ein fin måte å møte andre på. Eg har møtt nokre av dei næraste vennane mine på ballettskulen, held ho fram.

Dei to jentene er samde i at ballettskulen har betydd mykje for dei.

– Eg føler nesten at dette er min andre heim, det skal bli veldig trist å slutte, seier Kalland.

Snarud er samd.

– Ballettskulen har betydd utruleg mykje. Det er fantastisk å kome dit kvar veke og gjere det eg likar best.

Spesielt er dei taksame for den innsatsen styreleiar Synnøve Rekkedal Hill har gjort for ballettskulen opp igjennom åra.

– Ballettskulen hadde ikkje vore halvparten så bra som den er i dag, dersom det ikkje hadde vore for ho, seier Snarud.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL