Foreldra avdekte fukt- i dag vakna kommunen

Etter mange år med bekymringar betalte foreldre ved Emblem skule sjølve for fuktmåling. Resultatet var urovekkande. I dag kom kommunen på banen.

Synfaring på Emblem skule

I dag var det synfaring på Emblem skule med representantar frå Ålesund kommune og Arbeidstilsynet.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Elevane ved Emblem skule har time, medan ei gruppe på åtte går frå rom til rom og inspiserer. Rektor Øyvind Hildre peikar og fortel om fukt, setteskader, sprekkar, mogleg asbest, maur og sølvkre. Både kommunelege, Arbeidstilsynet og verneombod er med på synfaringa.

– Situasjonen har forverra seg, og no har vi nådd eit punkt der både skulen og foreldre er uroa, seier rektor Øyvind Hildre. Han har peikt på forholda i mange år. I dag følte han at han vart tatt på alvor.

– Det viktigaste er at elevar og tilsette skal få vere på ein trygg skule. Vi vil ikkje snike i ei kø for ny skule. Det vi ynskjer er at det skal vere trygt å opphalde seg her, seier Hildre.

Synfaring på Emblem skule

Verneombod Kårstein Berge opnar opp ei luke for å sjekke om det kan vere asbest her.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Barna har helseplager

For foreldre ved skulen er dette ein jubeldag. Dei føler at bekymringane deira endeleg vert tatt på alvor. I årevis har dei høyrt at elevane klagar over hovudpine, trøttheit, astma og allergi.

– I vår naivitet trudde vi at kommunen skulle kome på banen og kontrollere bygget grundig, men det skjedde ikkje. Til slutt vart FAU så uroa at dei brukte eigne pengar til å ta fuktmålingar, seier Maria Zahl. Ho er engasjert i foreldra si aksjonsgruppe.

Det var Sunnmørsposten som første omtalte saka.

Maria Zahl

Maria Zahl er bekymra for helsa til elevane.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Resultatet frå fuktmålingane viste høge verdiar for muggsopp og fukt i hovudbygget. Dette førte til at kommunelegen stengde eitt klasserom og skulen sjølv stengde eit anna.

– Kommunen har vore klar over fuktproblem i årevis. Det naturlege hadde vore at dei kontrollerte skulen jamleg. Det kunne hende det var berre enkle og rimelege tiltak som skulle til i starten, men i staden har problema fått vekse, seier Zahl.

Har høgste prioritet

Emblem skule

Berebjelke ved Emblem skule.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Kommunalsjef i Ålesund, Bjørn Ivar Rødal, innrømmer at kommunen skulle ha vore på banen tidlegare. Han lovar at problema ved Emblem skule no har høgste prioritet. I tillegg til dagens synfaring, vert det tatt fleire mugg- og fukttestar på skulen. Rødal seier at Ålesund kommune har eit vedlikehaldsprogram av bygga sine

– Når vi har ein vanskeleg økonomisk situasjon må det gjerast harde prioriteringar. No er vi ein Robek-kommune og det gjer det endå vanskelegare, seier Rødal.

Han meiner at det skal vere trygt for elevar og tilsette ved Emblem skule, etter at to klasserom vart stengt.

– Eg er glad for at foreldra er så engasjerte og så skal sjølvsagt vi som skuleeigar vere pådrivar for å skape trygge forhold, seier Rødal.

Men Maria Zahl tør slett ikkje stole på at helsefaren på skulen er borte, før resultatet av dei siste målingane er klare.