Hopp til innhold

– Dette er unikt og heilt fantastisk

ÅLESUND (NRK): Valerie og Frank Sawkins er blant dei næraste naboane til donningslottet Windsor Castle. – Men synet som møtte oss då vi såg ut vindauga i dag er noko av det vakraste vi har sett nokon gong, seier dei.

Valerie og Frank Sawkins

Valerie og Frank Sawkins er frå vest-London. No kosar dei seg på sjudagars rundtur i Noreg.

Foto: Terje Reite / NRK

Cruisesesongen er for alvor i gang. I halv åttetida klappa det staslege skipet «Britannia» til kai i Ålesund. Skipet er nesten heilt nytt, og blei døypt av Dronning Elisabeth i mars i fjor. I dag strøymer 4000 cruiseturistar ut i gatene i Ålesund.

Britannia

Britannia blei døypt av Dronning Elisabeth i mars 2015.

Foto: Terje Reite / NRK

På Blixvalen på sørsida av Ålesund står eit ektepar og speidar inn på dei snødekte sunnmørsfjella. Med iPaden fotograferer dei kvarandre mens sola blenkjer i den stille Aspevågen. Og i bakgrunnen ligg skipet dei er passasjerar på.

– Dette er vakkert. Det er unikt. Og det er forskjellig frå alt anna. Og vi hadde så lyst å sjå Noreg, seier Valerie Sawkins til NRK.

Turister Ålesund

Tysdag er gatene i Ålesund fulle av turistar. Desse er på byvandring, og får mellom anna høyre historier om Kulturhuset i Ålesund.

Foto: Terje Reite / NRK

Ekteparet, som er blant dei næraste naboane til Windsor Castle i Vest-London, har funne seg eit roleg hjørne av byen. Elles er gatene fulle av cruise-turistar på byvandring. Og i trappene til fjellstua går turistane tett i tett.

– Då eg drog frå gardinene på lugaren i dag tidleg såg eg noko av det vakraste eg har sett. Vi segla inn mot byen, og rundt oss var det høge, snødekte fjell på alle kantar, fortel Valerie.

Valerie Sawkins

– Tenk å få dette som utsikt i det eg dreg frå gardinene om morgonen. Det er heilt fantastisk, seier Valerie Sawkins.

Foto: Terje / NRK

Ekteparet er inne i den tredje veka om bord på «Britannia». Først har dei vore på fjorten dagars cruise i Middelhavet. Og så plussa dei på med ein sju dagars rundtur til Noreg.

Det er også store kontrastar. Då vi segla ut ved Gibraltar og nordover Biscaya bada vi i sol og høge temperaturar på øvste dekk. Her var det nesten på frysepunktet då vi kom. Men eg likar denne lufta. Dette er verkeleg friskt, seier Frank Sawkins.

Britannia

Her seglar Britannia inn til Ålesund og rundar Slinningen på veg inn til kaia.

Foto: Terje Reite / NRK

«Britannia» kom til Ålesund frå Bergen, og held fram til Flåm og Stavanger før det reiser tilbake til Southampton på 7-dagarsturen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL