– Det er 50/50 i Tromsø, og det er vel nesten 50/50 i Ulsteinvik også.
Det seier AaFK-trenar Kjetil Rekdal til NRK.no.
Rekdal har vunne NM i Noreg heile fire gonger. Fem om ein tek med NM-siger som junior i Molde.
Har oppskrifta til cuptriumf
I 1994 tok Rekdal sitt første NM-gull som senior, då ha som Molde-spelar var med å slå Lyn 3–2 i cupfinalen. For 10 år sidan, i 2002, slo han Odd Grenland 1–0 som spelande Vålerenga-trenar.
I 2009 slo han Molde i cupfinalen etter ekstraomgangar, og i fjor tok han det andre cupgullet som AaFK-trenar etter 2–1 mot Brann i finalen.
Sjølv om Aalesund i år rauk ut mot Sandefjord i 4. runde, veit Rekdal uansett kva som skal til i cupen. Han har sjølv vore gjennom mange tøffe semifinalar.
– Du må tørre å vinne. Det er ein viktig kamp med mykje følelsar, men ein må sleppe seg laus og angripe kampen.
– Det nyttar ikkje å håpe på finale. Ein må satse på å kome til finale, og ein må ofre ein heil del, meiner Rekdal.
Saka held fram under bildet.
– Tromsø er sterke heime
I årets cupsemifinalar er Møre og Romsdal representerte med to lag. Molde spelar først, borte mot Tromsø.
– I Tromsø kan alt skje. Tromsø er sterke heime, men Molde er sterke nok til å vinne i Tromsø.
I helga som gjekk snubla både Tromsø og Molde i Tippeligaen. Molde tapte to poeng i gullkampen borte mot Odd Grenland, medan Tromsø tapte borte mot nedrykkskandidat Sogndal.
– Hødd utliknar forskjellen
Den andre semifinalen går mellom Brann og Hødd – på Høddvoll i Ulsteinvik.
– Det er ein klar fordel å spele på heimebane. Det gjer at Hødd utliknar forskjellen til Brann ein god del. Så spørst det om Hødd klarer å sleppe seg lause.
– Hødd må stresse Brann. Brann er eit betre lag, men i fotball og cup er alt mogleg, meiner Rekdal.
Hødd kan nå cupfinalen for første gong, og oppbygginga til torsdagens semifinale har vore stor.
Forventningspress og høge skuldrer, mot eit Brann som akkurat har slått Rosenborg, kan bli eit faktum.
– Men denne kampen kan gå begge vegar. Med 6–7000 menneske i ryggen, og med eit Brann som slit på bortebane, kan Hødd klare det.
– Får Hødd det første målet og sjølvtillit, så kan alt skje. Eg ser på det som ein open kamp, avsluttar Kjetil Rekdal.
Korleis trur du cupsemifinalane vil ende? Blir det dobbel heimesiger i Tromsø og Ulsteinvik, eller vil serieleiar Molde og favoritt Brann vinne på bortebane?
Begge kampane kan du sjå på NRK1.