Hopp til innhold

Celine (21) trudde ho skulle bli ein del av dødsstatistikken i 2015

Det siste ho såg før ho svimte av var billykter som kom rett mot henne. Celine Løvoll Hildrestrand trudde ho skulle ende livet i trafikken tidlegare i vinter.

Celine Løvoll Hildrestrand med sonen Matheo Løvoll Brandal

Celine Løvoll Hildrestrand er glad for at ho framleis kan halde sonen Matheo Løvoll Brandal (3) på fanget. Ho trudde han skulle bli morlaus, då ho kom ut for ei trafikkulykke i november.

Foto: privat

21-åringen trudde ikkje ho skulle overleve det, då ho kom ut for ei trafikkulykke i Ørsta i november. Ho har fått med seg at dødstala er rekordlåge for 2015, og er svært glad for det, men trudde ho sjølv skulle bli ein del av statistikken i Ørsta i november.

Eg kjende meg heilt hjelpelaus, det skjedde så fort, eg såg berre lysa og heile bilen kom over i mitt køyrefelt. Det var ikkje mykje som skulle til før det kunne vore ei dødsulykke, seier 21-åringen.

Men det gjekk altså ingen liv i ulykka. 21-åringen fekk mellom anna hjerneskaking og to knekte tenner, men ingen av dei tre venninnene i bilen blei alvorleg skadde.

Livet har fått ny verdi

Celine Hildrestrand krasjet på Vartdal lørdag 21.11

Slik såg bilen hennar ut etter at ho blei køyrt på i Ørsta i slutten av november.

Foto: Privat

Ålesundskvinna, som studerer i Volda, var på veg på konsert saman med to venninner, då ein møtande bil kom over i feil køyrefelt i Vartdalsstranda i Ørsta. Mannen som sat bak rattet mista førarkortet på staden, og saka blir etterforska av politiet.

Sonen Matheo på 3,5 år, som vanlegvis er med i baksetet, var hos pappaen i Ålesund.

Eg verdset livet på ein heilt, heilt anna måte no etterpå. Det er heilt grusomt å tenkje på at eg har ein son, og plutseleg kunne vore borte, på grunn av ein feil andre gjer, seier ho.

Laster Twitter-innhold

Færrast omkomne nokon gong

2015 blei det mest positive trafikkåret nokon gong. To menneske omkom, og aldri før har dødstala vore så låge. Dei siste ti åra har det i snitt vore 12 omkomne i trafikken i fylket, men heile 24 drepne i 2008.

Erik Hartmann i Trygg Trafikk er svært glad for den positive statistikken for 2015.

– Dette er veldig inspirerande tal for oss som arbeider med trafikktryggleik og alle som ferdast i trafikken. Det er ei fantastisk utvikling, seier han.

Han trur det er fleire årsaker til dei låge dødstala i 2015: betre bilar og vegar og fleire kontrollar.

I tillegg meiner han at arbeidet dei siste åra med å ta sertifikatet frå folk som ikkje lenger er skikka til å køyre bil, har vore ein suksess.

Suksess med "Møre og Romsdal-modellen"

Trygg Trafikk, Fylkeslegen, helsevesenet og politiet i Møre og Romsdal har gått saman om det som no blir omtalt som "Møre og Romsdal-modellen", der fleire etatar samarbeider om å ta førarkortet frå sjåførar på grunn av medikamentbruk, rusmisbruk eller dårleg helse.

Prosjektet blei starta i 2010, og i 2015 konkluderte Transportøkonomisk Institutt med at talet på dødsulykker i fylket hadde gått ned med 66 prosent etter den auka innsatsen, samanlikna med 35 prosent i resten av landet.

Les også:

Trur redselen aldri slepper heilt

Celine Løvoll Hildrestrand

Celine Løvoll Hildrestrand seier ho har blitt langt meir forsiktig i trafikken etter ulykka i Ørsta i haust.

Foto: Privat

Celine Løvoll Hildrestrand er for lengst i gang igjen med førskulelærar-studiet i Volda, men seier ho slit med stiv nakke, rygg og kne, etter ulykka. Ho seier ho har blitt langt meir forsiktig i trafikken, sjekkar setebelte og barnesete grundigare enn før, køyrer seinare og er meir på vakt overfor andre trafikantar.

Vegen inn til Volda turde ho ikkje å køyre før det hadde gått ei god stund.

Eg vil nok aldri bli kvitt denne småangsten for at nokon skal kome over i mi køyrebane, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL