Hopp til innhold

Budsjettløft for føde og akutt i Kristiansund

Helse Nordmøre og Romsdal har lagt fram eit budsjettforslag der kirurgi og akuttmedisin får eit ekstra løft.

Kristiansund sjukehus

Kirurgi og akutt i Kristiansund får eit budsjettløft.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Dette har dei tilsette ved sjukehuset i Kristiansund bede om lenge, seier ordførar i Kristiansund, Per Kristian Øyen.

Per Kristian Øyen

Ordførar i Kristiansund, Per Kristian Øyen.

Foto: Herskedal, Kjell / SCANPIX

I førre månad var det tale om å bygge ned klinikken for kirurgi og akuttmedisin ved sjukehuset i Kristiansund. No er det tale om å byggje han opp. Ordførar Per Kristian Øyen i Kristiansund sit klar til å juble når styret i Helse Nordmøre og Romsdal skal handsama budsjettforslaget onsdag.

– Det er svært gledeleg det som no skjer i Kristiansund. Vi tek signala på at dei no vil styrke sjukehuset i staden for å svekke det, seier Øyen.

I budsjettet er det gitt ni millionar kroner til å styrke klinikken, som har gått med kraftig underskot. Dette har dei tilsette bedt om i lang tid, seier Øyen.

Familjøet har sagt i lang tid at det er grunnlag for å styrke fagmiljøet. Då kan dei gjere ein endå betre jobb for endå fleire pasientar. No er rådet frå fagmiljøet fulgt opp i handling, og det er svært gledeleg, seier Øyen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL