Hopp til innhold

Bryllaupsvideoen har fått internasjonal merksemd

Laurdag rørte bruda Maria Holand Tøsse alle til tårer då ho tok fram mikrofonen på vegen opp til alteret. Måndag hadde videoen fått over 600.000 visingar.

Maria Holand Tøsse og Ronny Eidsvik

Maria Holand Tøsse og Ronny Eidsvik har blitt kontakta av journalistar frå innland og utland etter at videoen frå bryllaupet deira vart lagt ut i helga.

Foto: Privat

For då Maria Holand Tøsse og Ronny Eidsvik skulle gifte seg i Ålesund kyrkje laurdag, skjedde det til tonar frå bruda sjølv.

Tøsse hadde nemleg bestemt seg for å overraske brudgomen og bryllaupsgjestane med songen «You raise me up», som ho for anledninga hadde laga ein ny og personleg tekst til.

– Eg vart heilt paff, og heldt nesten på å svime av, seier Eidsvik.

Høyr heile intervjuet med det nygifte paret her:

Internasjonal merksemd

Måndag hadde ekteparet starta på bryllaupsreisa og var på plass i Amsterdam. Likevel har dei ikkje kunne tatt heilt fri.

Maria Holand Tøsse

Dette bilete har Maria Holand Tøsse sjølv delt på Facebook, med teksten: Litt av ei helg! Vi sa JA til kjærleiken – og no har både Norge, Sverige og Danmark fått det med seg!

Foto: Maria Holand Tøsse

Telefonen har ikkje stått stille sidan dei la ut videoen på nett laurdag. Journalistar frå innland og utland har dei siste dagane vore i kontakt med paret.

– Vi tenkte at det ville vere kjekt å ha videoen som eit minne for å dokumentere den store dagen, seier Tøsse.

Så langt har videoen blitt sett nærare 600.000 gongar på youtube.com og blitt delt ein rekke gongar på ulike sosiale medium.

Brudeparet fortel at dei aldri hadde forventa at videoen ville få så mykje merksemd.

– Nei, det er heilt vilt, og nesten litt uforståeleg. Men det er også veldig gøy, seier Eidsvik.

– Vi har blitt kontakta frå blant anna Danmark, Sverige og Island, held han fram.

  • Sjå heile videoen her:

Videoen er produsert av Pettersen Medieproduksjon.

Brudas far imponerte

Men det var ikkje berre Tøsse som imponerte dei frammøtte i kyrkja laurdag. Far til Maria, Charles Tøsse som også er ordførar i heimkommunen Stordal, ville også overraska gjestane.

– Han spurte meg om ikkje han også kunne få synge litt. Først trudde eg berre at han tulla, men det viste seg at han meinte alvor, seier Tøsse.

«Now its time to give away ny daughter, you know its hard, so please take care of her», syng Charles Tøsse i videoen.

– Det var utruleg sterkt. Han har aldri sunge framfor nokon før, og gjekk verkeleg utanfor komfortsona si, seier Maria Holand Tøsse.

Brudeparet reiser no vidare til Spania, der dei forhåpentlegvis kan nyte resten av bryllaupsreisa i fred og ro.

– No skal vi berre slappe av og kose oss, seier ekteparet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL