Hopp til innhold

Her spelar bruda marsjen sjølv

Då ekteparet frå Sunnmøre skulle gifte seg bestemte dei seg for å overraske gjestane. – Vi ville ha vår eigen versjon av ein vigsel, seier bruda.

Då Gro Audveig Hagen og Torfinn Bjørnøy skulle gifte seg bestemte dei seg for å spele brudemarsjen sin sjølv.

Laurdag 25. juli 2015. I ei kyrkje i Haram kommune på Sunnmøre er det duka for bryllaup og ei fullsett kyrkje ventar på at seremonien skal starte.

Korpsmusikken byrjar å spele og den komande bruda beveger seg oppover kyrkjegolvet.

Etter eit lite stykke stoppar bruda opp og gir frå seg buketten til forlovaren. I bytte får ho ei fløyte, og før gjestane anar det akkompagnert ho og den komande ektemannen korpset. Ho på fløyte og han på tuba.

– Vi møttest gjennom musikken, og då var det berre naturleg at den var ein del av bryllaupet vårt, seier nygifte Gro Audveig Hagen.

– Korps er det fjerde barnet vårt

Bryllup

Gro Audveig Hagen og Torfinn Bjørnøy har spelt i same korps i 16 år.

Foto: Monica Elise Vestre

For Gro Audveig Hagen og Torfinn Bjørnøy har musikken alltid vore ein raud tråd i forholdet deira.

Dei to har spelt saman i Vatne hornmusikk i 16 år, og for åtte år sidan utvikla vennskapet seg til noko meir.

– Det er som broren til Torfinn sa i bryllaupet; vi har fire barn, dei tre døtrene våre og hornmusikken, seier Audveig Hagen lattermild.

Dei to har organisert ein rekke konsertar og deltatt på mange konkurransar saman.

– Vi har hatt det veldig gøy og gjort mykje kjekt i lag opp igjennom åra, seier ho.

– Det vart dagens snakkis

Stykket var brudemarsj av Jan Magne Førde, med nokre endringar gjort av brudeparet. Under førebuingane til bryllaupet sat ekteparet å og høyrde på songen då dei bestemte seg for å overraske gjestane.

Bryllyp

Då paret skulle gifte seg ville dei overraske gjestane med ein eigen brudemarsj.

Foto: Monica Elise Vestre

– Vi hadde lyst å gjere noko spesielt for gjestane, og spurte korpset om dei kunne tenke seg å hjelpe oss. Dei sa sjølvsagt ja. Alle klarte å halde tett om det og det vart ei stor oppleving for gjestane, seier ho.

Men det vart også ei stor oppleving for brudeparet.

– Korpset spelte kjempefint og ingen spelte feil til trass for at det var litt nervar inne i bilete. Musikken er veldig viktig for oss så det vart ein perfekt dag, seier Audveig Hagen og smiler.

Ho fortel at tilbakemeldingane etter bryllaupsstuntet har vore gode.

– Dei har brukt ord som magisk, fint og rørande. Det var viktig for oss å ha vår eigen versjon av ein vigsel. Vi ville ha ei uhøgtideleg stemning, og det fekk vi. Dagen vart perfekt og det var dagens store snakkis, seier Audveig Hagen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL