Sprøyta utan verneutstyr

Då elva Rauma vart behandla med gift i fjor, vart det ikkje brukt verneutstyr ved fleire høve, skriv avisa Nationen.

Rotenonbehandlinga i 2013

I fjor vart det sett i gong ei omfattande rotenonbehandling i Rauma. Nationen skriv i dag at Veterinærinstituttet har fått 108 avviksmeldingar.

Foto: Dag H. Karlsen

I mange år har lakseparasitten Gyrodactylus salaris øydelagt for elveeigarane i Rauma. I fjor starta ei ny behandling med gifta rotenon for å ta knekken på parasitten. I dag kan avisa Nationen fortelje at aksjonen i Rauma har resultert i 108 avviksrapportar som går blant anna på brot på verne- og sikringsinstruksen.

Svartmåla situasjonen

Ketil Skår, seksjonsleder hos Veterinærinstituttet

Ketil Skår seier at dei fleste av avvika er små saker.

Foto: Lars Petter Kalkenberg / NRK

Det var Veterinærinstituttet som gjennomførte behandlinga. Ketil Skår er seniorrådgjevar og kjenner seg ikkje heilt att i det Nationen skriv. Han meiner dei svartmålar situasjonen.

– Vi brukar sjølvsagt verneutstyr og følger instruksane så godt vi kan. Kvar enkelt utøvar har eit visst slingringsmonn i vurdering av når utstyret skal brukast, seier Skår. Blant anna kan dei sprøyte utan maske i medvind.

– Men de har jo fått 108 avvik. Er det feil?

– Nei, det stemmer. Det aller meste er små saker. Med å vere opne og positive til at vi får avviksmeldingar, håper vi å fange opp dei tinga som er viktige å ta med vidare, seier Skår.

Færre avvik i år

Også i år har Veterinærinstituttet behandla elva Rauma med gift. Dei var ferdige i august . Det har det kome ein del avviksmeldingar etter sprøytinga.

– Det er registrert betydeleg færre avvik enn i fjor. Mannskapet har vore meir aktive i bruken av verneutstyr, seier Skår.