Hopp til innhold

Brukar ferieveke på jobb for Moldejazz

Moldejazz har 600 frivillige. Mange brukar ei ferieveke til å hjelpe til med å få gigantarrangementet i hamn.

Sigmund Johansen

Sigmund Johansen er ikkje redd for å ta i eit tak i frivilliglivet i Molde.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Sigmund Johansen er vaktleiar i Alexandraparken. Han står smilande og blid og ønsker folk velkommen.

Han vedgår at han er ein frivillighetsmann. Til vanleg jobbar han på Glamox i Molde. Men han stiller opp for Moldejazz og Molde Fotballklubb.

– Sosialt

Sigmund Johansen brukar ei heil veke av ferien sin på innsats for Moldejazz.

– Eg er sosial. Det å vere saman med andre er kjekt. Det er masse flotte folk ein får jobbe saman med.

Sigmund Johansen

Sigmund Johansen på jobb som frivillig i Alexandraparken, saman med Petter Koch (t.v.) og Lasse Aure.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Ein slags jobb

Han tar funksjonæroppgåva alvorleg, og kallar det for ein jobb, sjølv om det ikkje er betalt.

– Men no er eg ferdig på jobb. No skal eg på funksjonærkroa og få meg litt mat og eit par øl!

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL