Bruaset fekk Norsk kulturarvs ærespris

Den folkekjære programleiaren Oddgeir Bruaset fekk i dag ærespris for «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu»

Oddgeir Bruaset

Oddgeir Bruaset er glad for prisen han fekk. Norsk kulturarv meiner serien gjer nordmenn stolte av kulturarven sin. Direktør Erik Lillebråten delte ut prisen.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Der ingen skulle tru...

Oddgeir Bruaset meiner det er viktig å ta vare på tradisjonar og vere medviten på kvar ein kjem frå.

Foto: Tor Sivertstøl / NRK

I 11 år har Oddgeir Bruaset leia eit av dei mest sette programma på NRK, «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Der har han portrettert dei som har valt å bu på ei fjellhylle, på ein holme eller på ein veglaus gard. 69-åringen synest det er kjekt at det går an å lage program om kvardagsmenneske og at ikkje alt må handle om kjendisar og intrigar. Han er overraska over prisen frå Norsk kulturarv.

– Når eg først skal få ein slik pris er det stas at det nettopp er frå denne stiftinga. Det er viktig å vere medvitne på kulturarven og røtene våre, seier Oddgeir Bruaset.

Han lovar at prisen skal få heidersplassen på trofèhylla. Det har etter kvart blitt mange prisar for programskaparen.

Stolt av kulturarven

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Sesong 12 av serien er under produksjon og vert sendt i 2014.

Foto: NRK

Stiftinga Norsk kulturarv har følgt serien med glade auge. Sjølv om det er menneska og draumane deira som står i sentrum, set stiftinga pris på formidlinga av eit formidabelt kulturlandskap og gamle bygningar.

– Denne serien gjer oss nordmenn merksame og stolte av kulturarven vår, seier Erik Lillebråten.

Han er direktør ved Norsk kulturarv, som er interesseorganisasjonen for dei som eig verna eller freda kulturminne.

Les også:

Tre prisvinnarar frå fylket

To andre frå Møre og Romsdal har fått prisen tidlegare. Det er historikar Harald Grytten frå Ålesund og stiftinga Storfjordens Venner. Lillebråten trur mange nordmenn drøymer om å ta over gamle bruk etter at dei har sett serien.

– Det er lett å la seg inspirere, seier Lillebråten.

Skulle bli pensjonist

Oddgeir Bruaset skulle eigentleg bli pensjonist etter den tiande sesongen, men no er tolvte runden av serien under produksjon. Desse episodane vert sendt i 2014.

– Mange flyttar frå utkantane og inn til sentrum, der dei hamnar saman med mange dei ikkje kjenner. Det kan vere lett å føle seg rotlaus. Difor er det viktig at nokon tar vare på tradisjonane slik menneske eg møter gjer, seier Bruaset.

Her kan du sjå alle episodane av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu»