Hopp til innhold

Sjåarsuksess for «Tilbake til der ingen skulle tru at nokon kunne bu»

Over ein million følgde med på premieren på «Tilbake til der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

Oddgeir Bruaset

Oddgeir Bruaset er tilbake der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Sjåarane er og med han.

Foto: NRK

Søndag var det heile 1 010 000 som følgde med på Oddgeir Bruaset sitt gjensyn med folk i grisgrendte strøk.

Det gir ein marknadsdel på 55 prosent. Berre «Nytt på nytt» var meir sett førre veke med 1 091 000 sjåarar.

– Det er klart at det kjekt, men vi har jo hatt gode tal heile tida, seier Bruaset sjølv.

Mannen bak serien er meir tilfreds med at programmet slår an i dagens samfunn.

– Det er flott at det går an å lage program om andre enn kjendisar, seier Bruaset.

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Serien spelar på ekte mennesker utan tilgrising av intriger og konflikter skapt av produsentar.

Han snakkar vidare om maktmenneske som får TV-tid. Han er glad for at det norske folk likar å sjå vanlege folk i sitt eige element.

– «Realityserier» er jo ofte prega av intrigar og konfliktar. Vi bygg serien på det å møte folk der dei er og vise det verkelege livet, i staden for å sette saman folk som ein veit ikkje passar saman, seier Bruaset.

Folk på gata verdsett det ekte innblikket dei og.

– Dei synest det er kjekt fordi det er ekte menneske som er seg sjølv, og at dei ikkje skal spele ei rolle, seier Bruaset.

Premiere på Tilbake til der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Store forandringar

Tanken var at serien skulle ta slutt etter det tiande året på lufta. Slik gjekk det ikkje.

– Vi måtte gjere noko ekstra heilt til slutt. Møte igjen menneska som har vore med for å få svar på kva som har skjedd med dei i ettertid, seier Bruaset.

Dei tok ei telefonrunde til alle 60 dei har vore å filma og fått innkik i liva til.

– Vi dreg tilbake til dei som har opplevd størst forandring, seier han.

Video nsps_upload_2009_1_20_10_39_46_2892.jpg

Bruaset har besøkt 60 stader iløpet av 10 sesongar. Her i Kirkefjord.

Foto: Tor Sivertstøl / NRK
Blei forelska

Det er mange som har merka at årskalenderen er blitt skifta ut mange gonger.

– Det var ein kvinne frå Kina, Ti Xiang, som var med i serien for sju-åtte år sidan. Ho blei gift med ei fiskar i Vassvika og lengta sterkt etter mora som framleis budde i Kina, fortel Bruaset.

Bruaset dro tilbake og det viste seg at mora fekk norsk visum, blei forelska i ein mann i nabobygda til dottera og slo seg ned i Noreg.

Ungane til kvinna har byrja på skule, og det tar ein time med båt. Dermed var det umogeleg å bli verande i Vassvika, der Bruaset møtte henne første gong, seier han.

– No har Ti Xiang fått seg hus i nabobygda Røsvika, og mora bur i huset ved sida av, fortel Bruaset.

I helgane dreg dei tilbake til Vassvika, til garden der.

Visjonen med serien

"Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" har eit mål.

–Vi vil yte litt, slik at utkantane skal leve vidare, og at ikkje alt skal bli sentralisert, seier han.

Der ingen skulle tru-teamet sammen med Dronning Sonja

Der ingen skulle tru-teamet har og laga portrett av Dronning Sonja.

Foto: Marianne Hagen ved det Kongelige Hoff

Tragisk er ordet Bruaset bruker om utviklinga og det som skjer i Bygde-Noreg no.

– Dersom vi kan vere med å bremse litt utviklinga, er vi nøgd, seier Bruaset.

Alt godt har ein ende det og. Likevel gir han ikkje seg enno.

– Det blir to rundar til. No har vi kome godt i gang at vi valde å kjøre løpet. Til hausten eller vinteren sett vi i gang med den tolvte runden. Desse programma blir sendt i 2014, seier Bruaset.

Heilt sikker på at serien skal slutte etter det 12. runden?

– Ja, vi kan jo ikkje slutte på den 13. runden, ler mannen bak serien.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL