Snart slutt for "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu"

Søndag starter ein ny sesong med "Der ingen skulle tru at nokon skulle bu". Det blir den nest siste sesongen av den populære serien.

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Frå den siste innspelingsrunden av 'Der ingen skulle tru at nokon kunne bu'

Foto: NRK

Oddgeir Bruaset er no i gang med å sette saman den aller siste runden med "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu." Programskaparen tilbringer mykje tid i klipperommet saman med fotografen sin.

– No er vi komne midtvegs i neste års siste og tolvte runde, fortel han.

Sjølv om dei framleis held på med å redigere dei siste programma, er det no seks program som ligg ferdig til denne hausten.

Filma på Sunnmøre

Søndag er det premiere på den nest siste serien med publikumssuksessen. Då skal han blant anna til Sunnmøre.

– I siste programmet så skal vi til ein av dei mest spektakulære gardane vi har laga program ifrå, nemleg Yste Skotet, avslører Bruaset.

Programmet har blitt sendt sidan 2002, og med dei siste episodane som no er i redigeringsrommet, vil det totalt bli 72 episodar. Verken programleiaren eller sjåarane ser ut til å gå lei av konseptet.

– Det å vere sjølvhjelpte, stå på og skape ting sjølve, så vert gleda over å lukkast mykje større enn om vi skal få det same oppi hendene, seier dei. Så dei har ein bodskap å gi. Eg vil ikkje seie at eg har blitt så flink til å ta etter, men at dei har noko å lære folk i vår tid, det er eg heilt overbevist om, seier Bruaset.

Snart pensjonist

NRK-journalisten fortel at han aldri vert lei av å reise ut og sjå landet:

– Eg har ein kremjobb!

Like fullt er han sikker på at når desse siste programma er ferdig, vert det ikkje laga fleire.

– Då har eg blitt så gammal at eg vert sparka om eg ikkje går frivillig, og dessutan så med tolvte runden er dusinet fullt! Ein kan ikkje slutte med 13 rundar veit du, avsluttar han.

Har du gått glipp av tidlegare episodar med "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu"?

Sjå dei på nettspelaren til NRK.

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.