Hopp til innhold

Brev brukte 26 dagar på 400 meter: – Ikkje akseptabelt

Øyvind Ødegaard kan sjå kunden som skulle ha rekninga frå kontoret sitt. Likevel tok det nesten fire veker før rekninga kom fram.

Brevet som tok 26 dagar

NESTEN FIRE VEKER: Averøy Elektro AS skulle sende eit brev til ein kunde om lag 400 meter frå kontoret deira. Likevel tok det 26 dagar å få brevet fram. – Eg godtek ikkje at det tek så lang tid, seier dagleg leiar Øyvind Ødegaard.

Foto: PRIVAT

– Dette er ikkje akseptabelt. Eg har stor forståing for at feil kan skje. Men at det skal ta 26 dagar å levere tilbake eit brev er ikkje greitt, meiner Ødegaard.

Han er dagleg leiar i Averøy Elektro AS på Nordmøre. Det var ein trufast kunde som skulle ha rekninga for eit utført oppdrag, og denne kunden ville ha rekninga på gamlemåten, det vil seie via brevpost.

Øyvind Ødegaard, Averøy elektro

FORTVILA: Øyvind Ødegaard fortel at dette ikkje er første gongen han har problem med Posten. Ved eit anna høve tok det fem-seks dagar å levere eit brev med rett adresse i Kristiansund. – Ei skjelpadde kunne gjort det raskare, meiner Ødegaard.

Foto: PRIVAT

– Uransaklege vegar

Men rekninga kom aldri fram til kunden, som sjølv gjekk og venta på brevet.

– Ein ting er at det tek lang tid få inn betaling. Men det er også fare for kundane med omsyn til betalingsmerknader. Heldigvis gjekk det bra denne gongen. Men at posten nyttar så lang tid er ikkje bra for næringslivet. No tek det normalt fem-seks dagar å sende eit brev fem-seks kilometer i luftlinje, seier Øyvind Ødegaard, som først fortalde om den spesielle situasjonen i eit lesarinnlegg i Tidens Krav.

– Kva er det posten driv med, undrar Ødegaard i overskrifta.

Grunnen til at brevet aldri kom fram viste seg å vere at eigedommen hadde blitt flytta over frå ei gate til ei anna, utan at nokon av partane forstod at det var problemet. For huset står jo der det alltid har stått.

Posten

– HØYREST LENGE UT: John Eckhoff, pressesjef i Posten, seier det er eit problem at det blir nytta feil adresser. Men også han synest 26 dagar høyrest i overkant lenge ut.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

Pressesjef i Posten, John Eckhoff, kjenner ikkje til den aktuelle saka. Han synest likevel at 26 dagar høyrest i overkant lenge ut, trass i at det er normalt at feiladresserte brev brukar lang tid.

– Men brevets vegar er uransaklege. Og i dette tilfellet er det ikkje mogleg å spore opp kva som er skjedd. Det kan vere eit utal forklaringar, seier Eckhoff.

Og legg til at Posten held seg godt innanfor målet om at 85 prosent av all post skal ut innan to vyrkedagar.

– Senterpartiet: For lenge

Posten har vore gjennom endringar dei siste åra. Mellom anna er det slutt på skilnaden mellom a- og b-post, og det er ikkje lenger postleveringar på laurdag. Politisk er det Senterpartiet som har engasjert seg mest mot endringane.

Bengt Fasteraune

FORKJEMPAR FOR POSTEN: Stortingspolitikar for Senterpartiet, Bengt Fasteraune.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

– Eg kjenner ikkje til den aktuelle saka, men at posten brukar 26 dagar på å finne den rette adressaten høyrest veldig lenge ut, seier fraksjonsleiar i Transport- og kommunikasjonskomiteen, Bengt Fasteraune.

Han seier at partiet ikkje har noko imot at verda blir digitalisert, men at ein framleis må halde oppe eit tilbod til dei som ønskjer å få tilsendt brev i posten.

– Posten er eit viktig lim for å få ting til å gå rundt i heile Norge, og ikkje minst i distrikta, meiner Fasteraune.

Og der får han full støtte av Øyvind Ødegaard i Averøy Elektro AS.

– Det er jo ein gong slik at ein del kundar vil ha rekningane på gamlemåten, seier Ødegaard.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL