Brannen ved Bjørkli omsorgsboliger blei meld i tre-tida.
Ingen blei skadde. Omsorgsbustaden har fått brannskadar, men er ikkje heilt øydelagd. Brannårsaka er enno ukjend.
Ordførar Arnfinn Storvik i Eide rosar personalet som var på vakt i omsorgsbustadene i natt. Alle rutinar blei følgde og dei gjorde ein flott innsats, seier han.