– Akkurat no kan ikkje eg finne plussgrader nokon stad i landet. Det er minusgrader overalt, til og med på kysten. Det er ikkje så ofte det skjer, det er som regel nokre unntak, seier statsmeteorolog Charalampos Sarchosidis til NRK torsdag føremiddag.
Statsmeteorolog Charalampos Sarchosidis seier mars er ein ustabil månad reint vêrmessig.
Foto: Gunnar Grindstein / NRKKaldast er Majavatn med minus 29,1 grad.
– I dag finn vi dei lågaste temperaturane på fylkesgrensa mellom Trøndelag og Norland, i indre strok av Midt-Noreg. Helgeland og fjellet i Sør-Noreg, seier Sarchosidis.
I tillegg til minusgrader har det også kome snø fleire stadar i landet den siste veka.
Torsdag føremiddag var det minusgrader over heile landet.
Foto: Meteorologisk instituttTrudde ikkje det ho såg
Alvhild Ulset på Vikan ved Kanestraum på Nordmøre fortel at ho ikkje kan huske sist gong det var så kaldt der.
Alvhild Ulset nyt sola sjølv om det har vore svært kaldt på Vikan på Nordmøre det siste døgnet.
Foto: Alvhild Ulset– Det har gått frå bar mark med snøklokker som hadde byrja å vakse til ein halvmeter med nysnø. Og så kom kulden. Eg trudde ikkje mine eigne auge då eg såg på termometeret i dagtidleg og det viste minus 19 grader, fortel ho.
Ulset fortel at det er det spesielt det siste døgnet at temperaturen har falle.
– Temperaturen er noko høgare no enn den var på morgonen, men eg er litt usikker på om eg skal tørre å starte opp bilen i dag, seier ho og ler.
Ho har fyrt i peisen for å halde varmen.
– No byrjar det å bli koseleg her. Og så er det deilig at sola skin.
Temperaturmålaren på soverommet til Alvhild Ulset viste minus 19 torsdag morgon.
Foto: Alvhild UlsetDette er grunnen til kaldvêret
Dei siste dagane har det kome nye kulderekordar fleire stadar i landet på grunn av det kalde vêret.
– Nokre stader er det uvanleg kaldt no, fortel Sarchosidis.
Grunnen til at det er så kaldt no er ei såkalla brå stratosfærisk oppvarming. Dette er eit vêrfenomen om vinteren der stratosfæren blir oppvarma så raskt at vinden som vanlegvis kjem frå vest snur og kjem frå aust.
– Det var varsla for nokre veker sidan, og det er dette vi opplever no. Det kan vare ei stund og fører også til at det blir stabilt kaldt framover.
Den brå stratosfærisk oppvarminga påverkar heile Nord-Europa. Les meir om fenomenet her:
Ustabile mars
Statsmeteorolog Sarchosidis fortel at mars er ein ustabil månad reint vêrmessig.
– Vi kan få veldig fine vårdagar i mars, men også kalde dagar som no. Nokre er nok ikkje så fornøgde med at desse kalde luftmassane kjem no, seier han lattermild.
Og truleg blir det også kaldt neste veke, fortel statsmeteorologen.
– For Nord-Noreg sin del kan eg seie med sikkerheit at det blir minusgrader heile neste veke. I Sør-Noreg er det meir usikkert på grunn av eit lågtrykk som kjem frå Atlanterhavet på måndag. Dette har med seg mildare luftmassar, men dette vil vere kortvarig, fortel Sarchosidis.
Han trur likevel at det blir mindre av dei rekordlåge temperaturane framover.
– Det vil vere kaldt framover, men eg trur dei kaldaste dagane er forbi.
I bygda Gjøra på Nordmøre har det kome store mengder snø den siste veka.
Fint, men kaldt
Statsmeteorolog Anne Solveig Andersen seier dei kalde temperaturane held seg utover dagen i Vestland fylke.
– Det er mykje fint vêr, men uti havet lenger nord for oss er det snøbyer som kan stryka innom ytre strøk, seier Andersen.
I Bergen var det minus 9,1 grader ved den meteorologiske målestasjonen i sentrum, og minus 10,7 på Bergen Lufthamn Flesland. Publikum sende òg inn tips om temperaturar heilt ned til 22 minus, på Vossestrand.
Først kom det mykje nysnø og så blei det kaldt hos Alvhild Ulset på Nordmøre.
Foto: Alvhild Ulset