Møre og Romsdal Bondelag ber om at nye kraftlinjer ver lagt utanom bustadområder og områder som er aktuelle for utbygging.
Dette er viktig i samband med Ormen Lange-utbygginga, seier organisasjonssjef i bondelaget, Gunnar Wentzel.
Informasjonssjef i Statnett, Irene Meldal, vil ikkje utan vidare støtte kravet frå bøndene.
Ho viser til at det er sjeldan at ein får gjennomslag for kravet om jordkablar for straum med dette spenningsnivået.
Meldal seier vidare at Statnett generelt prøver å legge trasear utafor bustadområder.