Hopp til innhold

Etter 440 års drift på garden trur bonden han vert den siste

Pål Svisdal i Sunndal driv jorda for alle fire gardsbruka i den vesle fjellgrenda der han bur. No fryktar han at jordbruksforhandlingane gjer at ingen vil ta over.

Pål Svisdal i Sunndal driv jorda for alle fire gardsbruka i den vesle fjellgrenda. No fryktar han at jordbruksforhandlingane med Sylvi Listhaug i spissen kan bli begynnelsen på slutten.

Det er hektiske dagar i fjøset til pål Svisdal. Han fryktar at han vert den siste bonden i fjellbygda Svissdal.

Pål Svisdal

Allereie som fireåring bestemte Pål Svisdal seg for å bli bonde.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Dei siste tre vekene har Pål Svisdal budd i sauefjøset og tatt imot lam døgnet rundt i fjellbygda Svissdal i Sunndal. Han er bonde på heiltid og no når lamminga går føre seg, får han hjelp av kona. Ho har anna jobb ved sidan av.

Berre fire år gamal bestemte odelsguten seg for at det var bonde han ville bli. Slik forfedrane hadde vore i fire århundre før han. No fryktar Pål Svisdal at han vert den siste bonden i familien.

– Eg føler meg ikkje ynskja som bonde av samfunnet. Listhaug vil ha store gardsbruk og slike som meg har ikkje livets rett, seier Svisdal.

LES OGSÅ:

Lite bruk

Jordbruksforhandlingane starta på måndag. Tilbodet frå regjeringa ligg 1350 millionar kroner under kravet og har fått dei fleste bøndene i landet til å sjå raudt. Landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) har vore klar på at ein må auke lønsemda og prioritere heiltidsbonden. I praksis betyr det større og færre gardar.

Sjølv om Pål Svisdal driv jorda for alle dei fire gardane i bygda blir han liten med sine 300 sauer, 13 mjølkekyr og 27 storfe. Å gå saman med andre bønder er heller ikkje råd. Næraste gardsbruk er ei mil unna.

– Det hender ofte eg spør meg kvifor eg orkar å halde på. Akkurat no har eg berga eit lam og kjempa for at det skulle overleve. Samstundes måtte eg spør meg kvifor eg er bonde, seier Svisdal.

Han understrekar at han er sta og har ikkje tenkt å gi opp, sjølv om det av og til er vanskeleg å finne motivasjon.

Fryktar nedlegging

I 2010 tok imot Svisdal Kulturlandskapsprisen for Møre og Romsdal, men no fryktar han det ikkje vert mogleg å leve av landbruket og at sonen ikkje vil ta over garden.

– Han har sagt at han ynskjer å overta, men eg er redd for at det ikkje blir slik, seier Svisdal. Håpet er at den over 400 års tradisjonen med gardsbruk i fjellgrenda ikkje skal forsvinne.