Hopp til innhold

– Må ikkje tulle med oss som produserer mat

Mjølkebonde Odd Christian Stenerud i Giske på Sunnmøre rasar over staten sitt forslag i landbruksoppgjeret.

Odd Christian Stenerud

Mjølkebonden Odd Christian Stenerud på Godøya i Giske har lite tiltru staten sine planar for årets jordbruksoppgjer.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Bøndene krev 1500 millionar meir i jordbruksoppgjeret, men regjeringa svarar med å tilby ein auke på 150 millionar, altså ti prosent. Det kom fram tysdag klokka 12 då staten la fram tilbodet sitt.

– Ikkje haldbart

Bonden Odd Christian Stenerud i Giske er heller skeptisk til utfallet.

– Det er ikkje haldbart. Til no har eg ikkje fått noko som tydar på at det blir auke i den norske matproduksjonen, seier han til NRK medan han følgjer med på framlegget til regjeringa.

Stenerud var ordførar i bondelaget i åtte år inntil han gjekk av i 2013 – same år som Høgre og Frp kom til makta etter åtte år med raudgrøn regjering. Han fryktar framtida for jordbruket slik ho vert presentert i forslaget frå regjeringa.

Artikkelen held fram etter videoen.

Mjølkebonde Odd Christian Stenerud har lite tiltru til staten sine planar for landbruket.

Odd Christian Stenerud følgjer med på pressekonferansen som starta tysdag føremiddag.

– Effektive nok

– Landbruksministeren har ikkje fått med seg kor effektiviserte vi er. Det er inga anna næring i Noreg som har auka effektiviteten meir enn oss dei siste ti åra, og det burde vi få betalt for, seier Stenerud.

Mjølkebonden starta sjølv med fire kyr i 1989 og har i dag 55 i fjøsen.

– Eg spring fortare og fortare, og det har fleire bønder gjort i lang tid. Næringsparti som Høgre og Frp må skjøne at om ein skal effektivisere så må ein også få noko att for det, seier han.

Stenerud meiner at det er naudsynt å auke inntektene på alle gardsbruka, ikkje berre for dei som vil drive stordrift.

– Det er ingen tvil om at vi som har brukt millionar av kronar i investeringar bør ha større økonomisk tryggleik enn kva vi har i dag. Svaret er derfor ikkje å ta frå dei små, men å betale det som det kostar å produsere mat i eit høgkostland, legg Stenerud til.

– Treng ikkje konkurranse

Sylvi Listhaug

Landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp), som sjølv er odelsjente frå Ørskog, har hissa på seg mange norske bønder.

Foto: Trond Vestre / NRK

Regjeringa vil at landbruket skal bli meir konkurransedyktig og klare seg betre sjølve. Stenerud meiner det er ein dårleg strategi.

– Vi er nøydde til å sikre at dei eksisterande mjølkeprodusentane blir med framover, og då må vi ha eit godt oppgjer med meir overføringar.

– Men er det ikkje viktig å ha eit konkurransedyktig landbruk som ikkje er avhengig av overføringar?

– Konkurransedyktig i forhold til kva? Vi har den billigaste maten. Det er ikkje noko land i verda som har så billig mat i forhold til lønnsnivået som oss.

– Når vi no brukar éin prosent av statsbudsjettet til landbruket, så meiner eg det er lite. Då eg starta som gardbrukar for 30 år sidan, var overføringane på 3, 5 prosent, legg han til.