Hopp til innhold

Bøndene har planar om blokadar og protestmønstring

Bøndene planlegg omfattande blokadar av matanlegg og ei storstila protestmønstring i Oslo dersom det blir brot i jordbruksforhandlingane.

Magnar Juklestad

FORTVILA: Leiar Magnar Juklestad i Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag.

Foto: Bård Siem / NRK

Bøndene kravde 1,5 milliardar ekstra frå staten, men blir tilbydd berre 150 millionar ekstra.

Sauebonde Magnar Juklestad i Årdal i Jølster er leiar i Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag. Han er fortvila over tilbodet frå staten.

– Eg ser på det som nærmast uverkeleg. Dette er mykje verre enn vi trudde på førehand.

– Tek frå dei små

Medan bøndene som gruppe har opplevd brukbare inntektshopp dei siste åra, blir det i årets tilbod frå staten i stor grad lagt opp til at berre dei store bruka skal få ein auke.

Små saue- og mjølkebruk kring om i distrikta vil hovudsakleg oppleve stagnasjon eller nedgang i inntekta med det tilbodet Staten har lagt fram. Magnar Juklestad har om lag 30 vinterfora sauer, og han kjem til å få reduserte inntekter.

– Det verste med tilbodet er at dei gjennom endringar i tilskotssystemet tek frå dei små og gir til dei store.

Sauer i fjøset

MÅ DETTE VEKK? Små sauebruk er ikkje prioritert i tilbodet frå Staten.

Foto: Bård Siem / NRK

Planlegg aksjonar

Juklestad hadde i går eit telefonmøte med dei andre fylkesleiarane i bonde- og småbrukarlaget.

– Hovudinntrykket etter møtet er at alle meiner tilbodet er alt for dårleg. Samla sett blir det ei så stor omlegging alt første året at eg ikkje trur det kan late seg gjennomføre.

Ingen frå bondeorganisasjonane vil uttale seg om kva aksjonar som kan bli aktuelle, men etter det NRK kjenner til vil det bli omfattande protestaksjonar dersom det blir brot i landbruksforhandlingane.

Blokade av store meieri- og slakteanlegg skal vere under planlegging. Det same er ein omfattande protestaksjon i hovudstaden.

Juklestad seier aksjonsviljen er sterk.

– Er ikkje viljen sterk no, så blir han aldri sterk.

– Prioriterer auka matproduksjon

Departementsråd Leif Forsell i Landbruksdeparetementet forsvarer tilbodet frå Staten.

– Tilbodet prioriterer å legge til rette for auka matproduksjon. Det skjer ved at vi prioriterer bønder som driv matproduksjon i eit større omfang.

Geir Støfring

HELLER IKKJE NØGD: Geir Støfring i samdriftsfjøsen.

Foto: Bård Siem / NRK

Slår veldig ut i distrikta

Heller ikkje Geir Støfring i ei nabobygd i Jølster som driv ein stor samdriftsfjøs med ei mjølkekvote på 500.000 liter er nøgd med årets tilbod.

– Her er det lagt opp til at ein skal bli stor. Dette vil slå veldig ut i distrikta.

– Men er ikkje dette ein fordel for ei samdrift med så stor kvote?

Jau, isolert sett for enkelte som har investert og som kan hente ut litt på pris. Men med det mjølkekvotetaket vi kan sjå føre oss her vil det bli så store investeringar for dei som skal satse at marginen blir liten.