Hopp til innhold

Bustadhus i Ålesund totalskadd i brann

Eit bustadbus i Breivika i Ålesund vart totalskadd i ein brann natt til fredag. Femti personar blei evakuerte frå nabohusa, opplyser politiet.

Bustadhus i Ålesund totalskadd i brann

Brannvesenet fekk kontroll over brannen i totida natt til fredag.

Brann i enebolig i Ålesund

Brannvesenet vil vere på brannstaden heile natta.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Ei kvinne blei sendt til sjukehus med røykskadar etter at ho blei evakuert frå kjellaretasjen i huset. Det skal ikkje ha vore andre personar i bygget.

– Brannen er under kontroll, seier innsatsleiar Olav Ramnefjell i Sunnmøre politidistrikt til NRK klokka 02.00.

i 05.30-tida fredag morgon held brannvesenet på å avslutte arbeidet på staden.

– Dei vil framleis halde eit auge med situasjonen, men brannen er sløkt, seier operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt til NRK.

Ukjent brannårsak

Politiet veit så lang ikkje kva som var årsaka til brannen, men kriminalteknikarar jobbar på staden fredag for å finne ei mogleg brannårsak.

– Evakuerte til andre naboar

Boligbrann i Ålesund

Både brannvesen, politi og ambulanse rykte ut til huset.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Både brannvesen, politi og ambulanse rykte ut til huset, som skal ha vore under oppussing. På grunn av sterk vind og fare for spreiing blei i alt 16 bustader i området evakuert, men desse fekk flytte heim igjen ved 02.30-tida.

Brann i bolighus i Ålesund

Klokka 02.00 var brannen under kontroll.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Ifølgje Ramnefjell ser det ikkje ut for at andre hus har fått skade.

Det var ein del gnistregn i starten, men det ser ut til å ha gått bra. Men brannvesenet kjem til å vere på staden og drive ettersløkking utover natta og morgonen, seier han til NRK.

Bustadhus i Ålesund totalskadd i brann.
Laster Twitter-innhold

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL