Hopp til innhold

Natt til søndag skal klokka stillast ein time fram

Vi mistar ein time når vi går frå normaltid til sommartid. – Eg synest vi skal skrote ordninga, seier Jonas Urstad.

Sommertid; klokken-stilles

Dei fleste klokker stiller seg automatisk, men vi mistar uansett ein time natt til søndag.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Om du har noko du skal rekke søndag morgon kan det vere at du vaknar litt trøyttare enn vanleg. For siste søndag i mars blir stilt klokka fram mot sommaren, frå 02.00 til 03.00.

Den praksisen kunne Jonas Urstad gjerne sleppe å forhalde seg til.

Jonas Urstad

Jonas Urstad vil helst sleppe å stille klokka. Han var på veg på påskeferie då han møtte NRK og hadde derfor litt å bere på.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

– Det er den kjensla av å miste den timen.

– Men den timen får du igjen på hausten?

– Er det verd det? spør Urstad.

– Det har kanskje blitt ei vanesak, men eg er open for å prøve noko nytt.

Og Urstad er ikkje aleine. Når klokka skal stillast bruker debatten å blusse opp igjen.

Somme meiner at den stadige vekslinga mellom sommartid og vintertid forstyrrar folk sine biologiske rytmar, og at det skaper problem for familiar med små barn.

Vekslinga kan også skape problem for husdyr, blant anna kyr som er vande med å bli mjølka på ei fast tid av døgnet, skriv NTB.

Kva synest du om å stille klokka?

Viktigare å avgrense skjermbruk

Tomas Myklebust er spesialist i nevropsykologi og kommunepsykolog i Ulstein. Han trur ikkje det er så dramatisk for oss at klokka blir stilt.

– I alle fall ikkje med tanke på søvn, anna enn at det kanskje kjennest litt meir brutalt å stå opp ein dag eller to etter vi har stilt den.

Tomas Myklebust, kommunepsykolog, Ulstein

Tomas Myklebust er spesialist i nevropsykologi og kommunepsykolog i Ulstein kommune. Han er også aktuell med boka «Kvil deg sterk».

Foto: Arne Flatin / NRK

Han seier at enkelte har eit stramt regime for søvn, men meiner likevel at det bør vere mogleg å komme tilbake til rutinane på eit par dagar. Han trur at når dette i tillegg kjem i ein ferie så speler ferien meir inn enn den timen ein mistar.

Myklebust meiner det viktigaste for å sove godt, er å passe på at ein har det mørkt nok på soverommet. Då får hjernen eit signal om at det nærmar seg natt. I tillegg meiner han det er alfa og omega å avgrense skjermbruk.

– Vi veit at skjermbruk før leggetid kanskje er ein av dei faktorane som forstyrrar søvnen vår mest, eller forstyrrar innsovning, seier han.

Psykologen viser til at det er studiar som har vist at berre det å kaste eit blikk på mobiltelefonen kan utsette innsovninga på opptil to timar.

Ventar på avklaring frå EU

I EU har det i lang tid gått føre seg ein diskusjon over om landa skal slutte å stille klokka, men saka er framleis til behandling hos Rådet for den Europeiske Union.

Næringsminister Jan Christian Vestre er ansvarleg for Justervesenet, og bestemmer dermed kva som er rett tid her i landet. Han seier i ei pressemelding at dei ventar på avgjerda frå EU.

– Av fleire omsyn, blant anna til næringslivet, vil det vere ein fordel å ha same løysing som våre næraste naboland, seier næringsministeren.

I dag har ifølge departementet både Sverige, Finland og Danmark sommartidsordning som oss. Russland og Island har det ikkje.

Kan godt fortsette å stille klokka

Vibeke Høgseth er vand med å stille klokka, og kan gjerne halde fram med det.

Vibeke Høgseth

Vibeke Høgseth har blitt vand til å stille klokka. Ho synest ikkje det er den timen som skiplar livet.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

– Klart det hadde vore lett, og det er alltid ein diskusjon om vi skal ha ei fast tid, men i det vesle rare landet vi er så kvifor ikkje behalde det, seier ho.

Slik hugsar du kva veg klokka blir stilt

Og for deg som slit med å hugse kva veg ein skal stille klokka finst det fleire hugsereglar.

Éin er at ein stiller klokka mot sommaren, altså fram om våren og tilbake på hausten.

Ein annan er at ein lengtar fram til sommaren om våren og tilbake til sommaren om hausten.

Ein tredje og meir konkret regel er at hagemøblane blir sette fram før sommaren og tilbake når sommaren er over.