– Eg er glad fadderveka snart er over, seier Emilie Bringedal lattermildt.
Bringedal går andre året på NTNU i Ålesund og er fadder for nye studentar. Studiestart betyr seine kveldar og tidlege morgonar.
– I natt la eg meg klokka fire og var på skulen klokka 08.15, fortel 21-åringen.
Meir enn 30 prosent søv dårleg
Ein spørjerunde rundt bordet på NTNU i Ålesund, viser at dei fleste har sove mellom fire og sju timar per natt siste veka. Fadderveka tek ein del av skulda, men fleire seier dei generelt slit med å sovne og med å komme seg opp om morgonen.
Tia Marlen Patumsit, Camilla Hansen Bjørkkjær, Emilie Bringedal, Mille Hagen Høyeraal, Thea Hunvik Kvalheims og Amalie Hatlen kome seg gjennom oppstartsveka på NTNU i Ålesund trass i lite søvn.
Foto: Linda Bakken / NRKStudentsamskipnadar landet over har gjennomført Studentenes Helse og Trivselsundersøkelse (SHOT), der 60.000 norske studentar deltek.
I 2010 sa 23 prosent at dei sleit med søvn. I 2022 er talet 33, altså 10 prosentpoeng høgare.
Tala vert støtta av ei landsomfattande Ungdata-undersøking frå 2022, som viser at 32 prosent av elevane i vidaregåande er veldig mykje eller ganske mykje plaga av dårleg søvn.
– Redde for å gå glipp av noko
– Bruk av mobil og nettbrett på senga er ein stor del av problemet, trur Randi Vartdal Knoff, rådgjevar i Ålesund kommune og lokal koordinator i Ungdata-undersøkinga.
– Ungdommane seier at det å ha mobilen ved senga er forstyrrande. Ein skal vere på og få med seg det som skjer heile tida. Mange er redde for å gå glipp av noko, seier Knoff.
Mange unge søv med mobilen tett ved seg fordi dei er redde for å gå glipp av noko, seier Randi Vartdal Knoff, koordinator av Ungdata-undersøkinga i Ålesund kommune.
Foto: Linda Bakken / NRKHo seier «Fear of missing out» er ein faktor mange av ungdommane nemner.
– Det gjer at dei sovnar seint og gjerne sjekkar telefonen i løpet av natta, fortel Knoff.
– Legg mobilen før du legg deg
Spesialist i nevropsykologi Tomas Brandal Myklebust råder alle til å unngå bruk av mobil, nettbrett og PC før leggetid.
– Generelt bør ein roe ned hjerneaktiviteten i timane før ein legg seg. Når hjerneaktiviteten er høg, vert det vanskeleg å sovne inn og ein får uroleg søvn, seier Myklebust.
Nevropsykolog Tomas Brandal Myklebust seier nok søvn kan likestillast med nok mat. Forsking viser at lite søvn heng tett saman med både prestasjonsnivå og psykiske helseplager.
Foto: Arne Flatin / NRKLenge trudde ein at det blå lyset frå skjermen hindrar produksjon av innsovingshormonet melatonin. Det er ei myte i den lysstyrka mobilen gir.
– Problemet er at vi vert aktivert når vi eigentleg skal logge av og legge oss. Til dømes vil sosiale medium ofte aktivere oss følsesmessig, seier Myklebust.
Han meiner søvn er ein grunnleggjande funksjon ein er nøydd til å ta omsyn til på lik linje med mat, aktivitet og pust.
Gler seg til meir struktur
Etter oppstartsveker på NTNU med mykje moro, ser Emilie Bringedal fram til faste rutinar, sjølv om ho generelt søv litt lite.
– Eg brukar to timar på å sovne, og då blir det kanskje seks-sju timar med søvn, fortel ho.
Ho innrømmer at mobilbruk på senga kan vere ein del av sove-problemet, også for ho.
Emilie Bringedal (21) har starta skuleåret med seine netter og tidlege morgonar. Ho seier sjølv det ikkje kan halde fram slik.
Foto: Linda Bakken / NRKMindre mobil for meir søvn
– Ungdom kan klare seg med lite søvn i ein periode, men dei bør uansett sørge for å få nokre lengre netter innimellom, seier Myklebust.
Han har fem søvndyssande råd til dei unge:
- Start dagen til fast tid og med så mykje lys som mogleg
- Reis deg frå pc-en og gi kroppen aktivitet i løpet av dagen
- Unngå koffeinhaldige drikker som energidrikk, kaffi, te og cola etter klokka 14
- Legg deg når du er trøytt – ikkje tving deg over trøyttheitskneika
- Avslutt dagen med ro og mindre lys. Unngå mobil, nettbrett og mentalt arbeid dei to siste timane før du skal sove
Emilie Bringedal og Ida Hovland Hessen trur ein powernap på nokre minutt gjer underverk om nattesøvnen er kort. Nevropsykolog Tomas Brandal Myklebust seier powernaps er bra så lenge ein held seg under 20 minutt – og ilar mobilen ligge i fred.
Foto: Linda Bakken / NRK