Hopp til innhold

Stiller klokka trass vedtak om å fjerne praksisen

I natt stiller vi klokka igjen, sjølv om EU vedtok å oppheve praksisen i 2019.

Vekkerklokke

MØRKARE: Om du likar det eller ei, så er vinteren på veg. Søvnekspert Elisabeth Flo-Groeneboom kjem med sine råd inn mot mørkare tider.

Foto: Colourbox

Farvel til lyse, seine kveldar med vin på terrassen.

Hallo til mørket og kakao i sofaen, iført pysjamas.

Natt til søndag stiller vi klokka igjen ein time tilbake. Det er sjølve symbolet på at vinteren er på frammarsj, og nordmenn kan sove ein time lenger.

Frå full debatt til ikkje eit kvekk

Vil vi stille klokka to gongar i året? Skal vi gå for sommartid eller vintertid?

Kjende tema i den same tralten, som har halde diskusjonen gåande blant forskarar og ikkje-forskarar i ei årrekke.

I 2019 vann forskarane fram, då EU vedtok å innføre ei standardtid året rundt, som fleire gongar har vore tema også i Norge.

Så kom Brexit, koronapandemien og krigen i Ukraina.

Det har vore tyst, og i morgon stiller vi alle klokka igjen.

No er spørsmålet kor vidt det blir vintertid eller sommartid året rundt.

Er det digg at vi stiller klokka til vintertid no?

Krig som årsak til ei todelt årsrytme

Å stille klokka er ei moderne oppfinning, som på ingen måte oppstod fordi folk flest ville skilje mellom vinter og sommar.

Faktisk er det krig som er årsaka til at praksisen først oppstod.

Jacob Kjøde,kull,Hotellneset,Longyearbyen Kull-lageret på Hotellneset

ARKIV: Jacob Kjøde under lasting av kol ved kaia på Hotellneset.

Foto: Erling J. Nødtvedt

Det var nemleg under første verdskrig at tyskarane innførte praksisen. Kvifor? For å spare energi.

Tanken var å spare kol for å ha meir til krigsmaskineriet. Ved å stille klokka kunne arbeidarane få meir av dagen, og dermed meir lys, den tida dei jobba.

I dag har nesten alle land i Europa både vintertid og sommartid, mens Island er eit av dei få landa som har same tid året rundt.

Les også Forskarar meiner å ha funne den perfekte lyden å vakne til

Ung kvinne med sovemaske.

Land med sommartid angrar seg

Elisabeth Flo-Groeneboom forskar på søvn og er professor i klinisk psykologi ved Universitetet i Bergen. Ifølge ho er fagfolk og folk flest einige om at det er ein god ide å ikkje stille klokka.

Meiningane er derimot delte når det kjem til kva tid ein skal gå for. Folk flest stemmer stort sett for sommartid, medan fagfolk stemmer for vintertid.

Elisabeth Flo-Groeneboom hos Lindmo 26.03.22

RYTME: – Søvn blir regulert av døgnrytme, og døgnrytme blir innstilt på samfunnsrytmen av lys som er den viktigaste tidskjelda for våre biologiske klokker, seier Flo-Groeneboom.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

– Det er best å halde på vintertid fordi ein får meir lys om morgonen, som er viktig for sikre at ein får nok søvn og held på døgnrytmen, meiner Flo-Groeneboom.

– Kvifor skal ein gå for vintertid dersom folk flest ønsker seg sommartid?

– Erfaringar har vist at land som har forsøkt sommartid angrar og skiftar til vintertid. Dette skuldast nok at det frå eit folkehelseperspektiv truleg er best med permanent vintertid.

Les også Edderkoppar søv og drøymer: – Kan seie noko om kvifor REM-søvn oppstod

Sovende edderkopp

– Folk treng altså dagslys om morgonen. Samtidig er motargumentet om meir aktivitet på lyse ettermiddagar reelt. Uansett kva ein går for blir det viktig å sjå på konsekvensane, seier Flo-Groeneboom.

Rim på trærne

VINTER: – Ein gløymer gjerne at vi i Noreg vil ha det lyst ganske lenge om sommaren, sjølv om standardtida er vintertid.

Foto: Thijs / Colourbox

Dette er råda mot vinteren

For nokre er vintertida meir utfordrande enn andre. Søvnforskar Elisabeth Flo-Groeneboom kjem med desse råda til alle nordmenn:

  • Ikkje undervurder lyset. Ver ute i dagslys så mykje du kan.
  • Kos deg litt ekstra og gle deg over dei tinga som gjer mørketida fin.
  • For dei som bur nord i landet og slit litt ekstra, kan det vere lurt å investere i ei såkalla lyslampe for ekstra lys.

Ho kjem også med nokre konkrete råd for småbarnsforeldre i det ein må stille klokka:

  • For småbarnsforeldre er det ei tid der ein opplever at barn vaknar endå tidlegare enn vanleg. Ho råder om tilvende barnet gradvis. Legg småbarna eit kvarter til ein halvtime seinare, og utset lyset så lenge du kan om morgonen. I den grad du kan.

– Det kan gjere at ein kanskje slepper å sitte i to veker klokka fem om morgonen og ventar på at barnehagen skal starte, avsluttar ho.

Les også Flere sover ute: – Dette burde alle prøve

Monica Svensgård fra ørnes sover ute nesten hver natt.