NRK Meny
Normal

Siger gir eit solid forsprang i gullkampen

MFK har ikkje scora mot Odd Grenland dei siste to gongen laga har møtt kvarandre. Vil dei få nettkjenning i kveld?

Simen Brenne og Thomas Holm

TETT KAMP: Molde-spelar Thomas Holm i duell med Odd Grenlands Simen Brenne då laga møttest 24. oktober i fjor. Då enda kampen 0–0.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / Scanpix

Svaret på det spørsmålet er ifølgje direktør i Molde Fotball Tarje Nordstrand Jacobsen, enkelt.

– Me går for mål i kvar kamp me spelar, så det svaret gir seg sjølv, seier Nordstrand Jacobsen med eit smil.

Fem strake på rad
Tarje Nordstrand Jacobsen

GLER SEG TIL KAMP: Tarje Nordstrand Jacobsen er direktør i Molde Fotball. Han ventar seg ein jamspelt kamp.

Foto: NRK

MFK tek imot Odd Grenland på stadion i Molde klokka 18:00 i kveld. Det omvendte møtet tidlegare i år enda det med 1–0 til Odd. Frode Johnsen blei matchvinnar.

Dei møter eit Skien-lag som har vunne dei siste fem kampane sine på rad, sidan dei slo Rosenborg 0–7 borte mot den 11. september. Molde-direktøren ventar seg ein jamspelt kamp.

– Det er i utgangspunktet to lag som har vore i god form før landslagspausen. Det kan bli eit tett oppgjer, seier Nordstrand Jacobsen til NRK.

– Odd Grenland har vunne dei siste fem kampane, korleis skal de slå dei i kveld?

– Me har stor respekt for resultata til Odd den siste tida, men samstundes har også me hatt gode resultat. Men, me må opp på vårt beste nivå for å slo Odd, understrekar han.

Gler seg til kamp

Etter fjorten dagar med landslagspause er Nordstrand Jacobsen glad for at klubbfotballen rullar igjen.

– Eg gler seg til kamp, det er godt at klubbkampane er i gang igjen.

Vinn Molde mot Odd vil dei leie Eliteserien med minst sju poeng med fire rundar igjen å spele. På plassane bak ligg Vålerenga, Rosenborg og Tromsø.

Solid leiing før serieinnspurten

Sidan 1963 har ingen lag unngått å bli seriemeistrar med ei slik leiing. Og dei siste tjue åra har kun tre lag som leiar med fire rundar igjen å spele ikkje klart å bli
seriemeistrar. Tromsø i 1990, Bodø/Glimt i 1993 og Start i 2005.

– Det er fem kampar igjen og dette er ein kamp me har veldig lyst til å vinne, så får me sjå kva status er når kampen er ferdig spelt.

Etter at Vålerenga slo Viking på heimebane i går, har dei 44 poeng. Slår Tromsø Sarpsborg i sundagens kamp kjem dei opp på 45 poeng. Det same gjer Rosenborg om dei tek sigeren på Lerkendal, kor dei møter AaFK.

Men Nordstrand Jacobsen vil ikkje setje si lit til at Sarpsborg 08 og Aalesund skal senke laga som trugar bak romsdalsklubben.

– Me tenker på oss sjølv og er mest oppteken av det, seier Molde-direktøren.